Følgjer opp medarbeidarundersøking

Øygarden kommune har forbetringspotensiale i meistringsorientert leiing og relevant kompetanseutvikling. Det viser dei overordna resultata av ei medarbeidarundersøking gjennomført i mars. Øygarden skårar best på prososial motivasjon og fleksibilitet i kvardagen.

Elise Bergsagel drøftar oppfølging av medarbeidarundersøkinga med kommunedirektør Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteElise Bergsagel drøftar oppfølging av medarbeidarundersøkinga med kommunedirektør Johnny Breivik.

10-FAKTOR er eit anerkjent forskingsbasert digitalt utviklingsverktøy. Dei 10 faktorane i undersøkinga er viktige innsatsfaktorar for å oppnå kvalitet i tenestene.

Svarprosenten på undersøkinga i mars var 68. Av totalt 3 127 utsendte skjema, kom det svar frå 2 121 medarbeidarar. Dette er kommunedirektør Johnny Breivik godt nøgd med.

- Det er nær opp til målet vi hadde på 70 prosent. Med god oppfølging av undersøkinga både overordna og på einingsnivå, trur eg vi vil oppnå endå høgare svarprosent i neste runde, seier kommunedirektøren.

Rådgjevar i HR og kompetanse, Elise Bergsagel, seier at no skal leiarane i einingane saman med medarbeidarane gjennomføra analysedelen.

- Det er viktig at vi det vidare arbeidet bevarer og vidareutviklar dei faktorane vi har skåra høgt på. Vi skal vidare arbeida bevisst med dei faktorane vi kan forbetra oss på. Saman får vi utvikla eit godt medarbeidarskap med ein metode som er veldokumentert og forskingsbasert, seier Bergsagel.

På ein skala frå 1 til 5, får Øygarden kommune 4,6 på prosial motivasjon (oppleving av å ha ein meiningsfull jobb), medan resultatet av fleksibilitet i kvardagen vart 4,4. Når det gjeld områda der det er størst forbetringspotensiale, vart resultatet på meistringsorientert leiing 3,8 og relevant kompetanseutvikling 3,4.

For kort tid sidan vart det gjennomført ei felles analysesamling. Kommunedirektør Johnny Breivik opplevde engasjerte leiarar som var motiverte til å analysera og følgja opp eigne resultat.

- Det gjev grunnlag for stor optimisme for det viktige arbeidet med å følgja opp undersøkinga. Kommunen har prioritert arbeidet med leiarskap og leiarutvikling. 10-FAKTOR-undersøkinga viser at dette har vore ei rett prioritering. Det samsvarar også godt med resultatet av undersøkinga at vi no jobbar med ein arbeidsgjevarstrategi som også omfattar kompetanseutvikling, seier han.


Tekst og foto: Vigleik Brekke