Følgjer opp situasjonen etter helikopterulukke
Kommuneleiinga er i beredskap og bistår politiet i arbeidet med handteringa av helikopterulukka vest for Sotra. Legevakta og psykososialt kriseteam er tilgjengeleg.

Om nokon ønskjer kontakt med kriseteamet, kan dei ringa legevakta på 116117.
Ordførar Tom Georg Indrevik takkar naudetatane for god og rask innsats.
- Dette er ein dramatisk situasjon. Vi er takksame for at alle passasjerane er gjort greie for. I samråd med naudetatane følgjer vi opp med det vi kan hjelpa til med, seier ordføraren.
Publisert 28.02.2024 22.30