Følgjer opp trusselsituasjon og brann

Øygarden kommune har etablert eit kontaktsenter på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet etter ein trusselsituasjon og brann i Skogsskiftet i natt.

Den kommunale kriseleiinga (KKL) har i morgontimane vore samla for å få kartlagt situasjonen og behovet for oppfølging.

- Dei som kjenner behov for det, kan samtala med helsepersonell på kontaktsenteret på Aktivitetssenteret frå klokka 11.00. Tilbodet er tilgjengeleg utover dagen, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Lokalet ligg like ved Sundheimen.

Aktivitetssenteret er ope fram til klokka 17.30. Etter dette tidspunktet kan ein eventuelt kontakta legevakta på telefon 116117.

Det er fleire husvære i området der trusselsituasjonen oppstod. Varabrannsjef Bjarte Rebnord opplyser at eitt av husværa er sterkt skadd etter brannen. Eit nabohusvære er også påført skader.

Fire vaksne og tre barn fordelt på tre husvære er innkvarterte på hotell etter hendinga.