Folkehelse og livsmestring på timeplanen

Øygarden ungdomsskule har denne veka hatt folkehelse og livsmeistring på timeplanen. I «Helseveka» er det fokus på psykisk og fysisk helse, og gjennom elevevalueringar og innspel frå elevar, er det sett saman ein praktisk og variert timeplan.

Helseveka vart avslutta med kystaktivitetsdag for alle elevane. - Klikk for stort bileteHelseveka vart avslutta med kystaktivitetsdag for alle elevane.

Måndag var alle elevane på skulen delte inn i aldersblanda gruppe,r og elevane var alle innom ulike aktivitetar som freesbee-golf, støvelkast, sandvolley, klatring, vedstabling, bocca, ultimate freesbee, fotball og bowling.

Onsdag og torsdag har psykisk helse vore i fokus gjennom inkludering, MOT-økter, teambygging, refleksjonsøkter, sunn mat, livredning og brannvern i praksis. Det har vært føredrag som omhandlar mental helse frå helsesjukepleiar,  «Wake me up» og «Skeiv ungdom». Elevar har lært om privatøkonomi, dei har hatt rus- og kriminalitetsførebyggjande økter med politi og FRI-programmet, FN har undervist om livskvalitet, Dale Oen har har hatt motivasjonsøkt og Ungdomstenesta har vore inne og fortalt om dei ulike tilboda ein har i kommunen.

Frå kystaktivitetsdagen - Klikk for stort bileteFrå kystaktivitetsdagen

Torsdag kveld var det i tillegg eit obligatorisk elev- og foreldremøte der politiet ved Kjell Ivar Sletten informerte føresette noko om korleis ståa i ungdomsmiljøet i Øygarden er i dag, Cato Risløw hadde ein appell om det å våga å setja draum ut i livet, og vi fekk også høyra meir om Øygarden som MOT-kommune og kva fritidstilbod og tilbod på skulen ungdom har gjennom MOT. I tillegg har ein hatt refleksjonsøkt og «saman gjer vi kvarandre gode»-økter der elevar og føresette har fått diskutera ulike dilemma ein må ta stilling til i ungdomstida.

I dag er det fredag, og Helseveka vert avslutta med ein kystaktivitetsdag for alle elevar. Dei er delt på ulike grupper: på tokt med fiskeskøyte, coastering, snorkling, kajakkpadling og tur med moglegheit for utebading. Vergudane spelte på lag med helseveka, og bileta viser at dette har vært ei magisk og helsebringande veke på Øygarden ungdomsskule.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 

Trine Omland, rektor på Øygarden ungdomsskule