Folkemøte om 420 kV kraftlinje

Den 19. november iniviterer NVE til folkemøte om den planlagde kraftleidninga mellom Samnanger og Øygarden.

Statnett

Møtet vert halde på Torsvikhuset og tek til klokka 19.00.

Statnett har utarbeidd ei melding som gjev ei overordna skildring av planane for linja og kva konsekvensutgreiingar som må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. I ulike alternativ kjem kraftlinja som sjøkabel frå Askøy til Øygarden og går i linje til ein ny stor trafostasjon aust for Kollsnesanlegget. 

Her kan du lesa meldinga til Statnett.

Formålet med meldinga er å gje dei som kan verta påverka av tiltaket informasjon om planane og høve til å koma med fråsegn og innspel om kva som bør greiast ut vidare før Statnett kan søkja om konsesjon seinare i prosessen.

Det er først i samband med neste høyringsrunde NVE skal avgjera om Statnett får lov til å gjennomføra dei planlagde tiltaka. Innspel som går på om ein er for eller imot tiltaka er difor mindre relevante i den noverande høyringa.