Førebygging av utmarksbrannar
Øygarden brann- og redning har etter søknad fått tildelt 140 tusenkroner som skal gå til tiltak for tilrettelegging av vernebrenning i Øygarden.
Ill.foto
Skjøtsel av kulturlandskapet er et viktig tiltak som reduserer brannenergien i landskapet. Dette minkar risikoen for store ukontrollerte utmarksbrannar.
Midlane skal brukast til å kjøpa inn utstyr og halda kurs i utmarksbrenning for interesserte i kommunen. Ein har håp om å skapa eit miljø der ein kan gå saman for å driva systematisk skjøtsel av landskapet. Kurs og lån av utstyr vil vera gratis for dei som deltar.
Utstyr:
- minimum seks løvblåsarar
- 10 lyngpiskarar
- varslingsskilt
- drip torch\gasstennarar
Utstyret vert plassert på Ågotnes brannstasjon og er gratis å låna. Vi kjem tilbake til korleis utlån vert administrert. Det er noko midlar att som kan brukast når ein har hausta litt erfaring med behovet.
Kurs:
Det vert arrangert minst to samlingar til hausten der ein gjennomfører opplæring i vernebrenning og bruk av utstyr. Her kjem det eigen invitasjon når dato er sett.
Dersom du har spørsmål eller innspel, kontakt Jan Gaute Fjeldstad Haug i Øygarden brann og redning. E-post: jan.haug@oygarden.kommune.no - mobil: 489 90 747
Tekst og foto: Jan Gaute Fjeldstad Haug
Publisert 14.06.2023 10.05