Forhandlingsstart for KS-området

Måndag 15. april starta forhandlingane mellom KS og forhandlingssamanslutningane (KS: fellesorganisasjon for kommunane). Tariffoppgjeret for 2024 er eit hovudoppgjer der det skal forhandlast om ein ny toårig hovudtariffavtale.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteIll.foto

Lønsdanninga i Noreg byggjer på frontfagsmodellen som inneber at konkurranseutsett industri forhandlar først. Så langt har ein unngått streik.

Forhandlingsfrist i KS-området er 30. april. Dersom det ikkje vert oppnådd i dei frivillige forhandlingane, startar mekling for KS-området og staten den 2. mai. Frist for eventuell mekling i KS-området og staten er 23. mai. Ein eventuell streik vil dermed tidlegast skje i slutten av mai. 

I Øygarden er det sett ned ei beredskapsgruppe for eventuell streik leia av forhandlingssjef Lisbeth Grosvold. 

- Gruppa har ansvar for informasjon internt og eksternt. Det er utarbeidd interne rutinar som skal nyttast dersom det oppstår ein konflikt. Rutinane omtalar mellom anna kva nøkkelstillingar det kan verta aktuelt å søkja om fritak for, seier Grosvold.

KS er arbeidsgjevarorganisasjon for alle kommunane og fylkeskommunane, med unnatak av Oslo. I dei sentrale tariffoppgjera forhandlar KS samstundes med fire forhandlingssamanslutningar LO-kommune, Unio kommune, YS-kommune og Akademikarane kommune på arbeidstakarsida. 

Dersom KS og forhandlingssamanslutningane ikkje vert samde om ei forhandlingsløysing, går oppgjeret til mekling hjå Riksmeklaren. Om meklinga ikkje fører fram, kan forhandlingssamanslutningane gå rett ut i lovleg streik ved meklingsbrotet.

Les meir her (lenkje til oppslag på nettsida til KS).


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Pixabay