Fornya tillit til Tom Georg Indrevik

Tom Georg Indrevik (H) vart torsdag vald som ordførar i Øygarden i fire år fram til 2027. På det konstituerande kommunestyremøtet vart Anita Garlid Johannessen (Frp) vald som varaordførar.

Ordførar Tom Georg Indrevik på talarstolen etter valet på det konstituerande kommunestyremøtet torsdag. Til høgre; varaordførar Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik på talarstolen etter valet på det konstituerande kommunestyremøtet torsdag. Til høgre; varaordførar Anita Garlid Johannessen.


- Når eg no tek fatt på min andre periode som ordførar, er det med stor respekt for oppgåva, sa ordføraren etter valet.

Indrevik har også vore ordførar dei fire siste åra. I sitt første innlegg på talarstolen etter valet takka han for tilliten som vart vist varaordførar og han sjølv som ordførar. 

Han viste til at kommunen har lagt bak seg fire krevjande år med pandemi og krig i Europa.

- Eg må seia at eg er stolt over måten vi saman handterte desse utfordringane. Det viste kva endrings- og innovasjonskraft som bur hjå alle våre tilsette og innbyggjarar. Vi har eit felles ansvar for å byggja tillit mellom politikk, innbyggjarar og tilsette, sa ordføraren i talen til kommunestyret. Ordførar og varaordførar vart valde med 41 røyster (av totalt 45).

Høgre, Frp, KrF, Sotralista -TVØ, Venstre og Pensjonistpartiet har inngått avtale om samarbeid om politikken i Øygarden dei komande fire åra.

I formannskapet får Høgre fire medlemer (Tom Georg Indrevik, Silvia Haugland, Andreas Kallekleiv og Nils Kåre Skoge) og Arbeidarpartiet to medlemer (Marianne Sandahl Bjorøy og Espen Stølsnes Harkestad). Desse partia/listene får eitt medlem kvar: Framstegspartiet (Anita Garlid Johannessen), KrF (Ingvill Kvalsnes Blom), Sotralista-TVØ (Jan Utkilen), Industri- og næringspartiet (Robert Lund) og SV (Eva Aarskog).

Kommunedirektør Johnny Breivik overrekte blomar til dei nyvalde politiske leiarane; varaordførar Anita Garlid Johannessen og ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik overrekte blomar til dei nyvalde politiske leiarane; varaordførar Anita Garlid Johannessen og ordførar Tom Georg Indrevik.

Val av utval m.m.

Det vart gjennomført fleire val på det konstituerande kommunestyremøtet. Vala vart gjennomførte som avtaleval, og difor vart dei gjennomførte på relativt kort tid.

Ernst Einarsen (H) vert leiar av levekårsutvalet. Nestleiar vert Helge Nilsen (KrF). Hovudoppgåva til dette utvalet er å følgja opp den kommunale drifta og tenestetilbodet for å sikra eit godt og heilskapleg tilbod til innbyggjarane.

Børge Haugetun (Sotralista – TVØ) skal leia plan og miljøutvalet. Som nesteleiar vart vald Michael Sangolt (H). Dette utvalet skal på vegner av kommunestyret følgja opp arbeidet med kommunedelplanar, reguleringsplanar bygge- og delingssaker, eigedom, samferdsle, miljøforvaltning, stads- og byutvikling og arbeidet med berekraftsmåla.

Svein Otto Jakobsen (Frp) er vald til leiar av kommuneplanutvalet. Nestleiar vert Beate Bjelland (H). Dette utvalet er nytt og avløyser ikkje direkte eitt av dei tidlegare faste utvala, utval for samfunnsutvikling eller utval for plan men skal følgja opp samfunnsplanen, samfunnsdelen og arealdelen. 

Stian Oen (AP) skal leia kontrollutvalet. Nestleiar vert Inge Kausland (H).

Her er oversikt over medlemene i valde organ på det konstituerande kommunestyremøtet. (PDF, 190 kB)

Politisk struktur

Det vart vedteke at formannskapet skal ha 11 medlemmer. Den politiske strukturen skal ha tre utval der alle skal ha 11 medlemmer:

   • Levekårsutvalet
   • Plan- og miljøutvalet
   • Kommuneplanutvalet

Det vert oppretta eige klageutval som skal ha sju medlemmer. Kommunestyret opprettheld elles tilsvarande struktur over utval og kommunale organ som for perioden 2019 - 2023.

Arbeidarpartiet fekk full tilslutnad for eit framlegg om at valutvalet skal ha fem medlemer. Valstyret skal ha 11 medlemmer med varamedlemmer som skal vera dei same som for formannskapet. Samansetjing i dei andre råda og utvala vil ein koma tilbake til ved val av representantar til det enkelte utval/råd.

Etter framlegg frå Arbeidarpartiet vart det vedteke nokre endringar knytt til koordineringsutvalet (KDU). Endringa inneber mellom anna at det etter kvart møte i KDU vert utarbeidd protokoll frå møtet og som skal leggjast ut i portalen seinast dagen etter at møtet er halde. Protokollen skal gjenspeila innhaldet i møtet og visa framdrift i plan- og utgreiingsprosessar. Protokollen skal også innehalda ei oversikt over saker som er politisk bestilt av medlemene i KDU.

Andre vedtak

  • Kommunestyret vedtok å leggja framlegg til  «Forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode i Øygarden kommune 2023-2027» ut på høyring.
     
  • Det vart vedteke å gje vigselsmynde til desse folkevalde i kommunen: Marianne Sandahl Bjorøy, Nils Kåre Skoge, Espen Stølsnes Harkestad, Ingvill Kvalsnes Blom, Børge Haugetun i tillegg til ordførar og varaordførar som har mynde etter lova.
     
  • Det var vedteke revidert forskrift med nye saksbehandlingsgebyr for Bergen Havn Farvannsforvaltning IKS. Den vedtekne forskrifta vil erstatta Forskrift om saksbehandlingsgebyr for Bergen og Omland Farvannsforvaltning IKS av 05.06.2019
     


Tekst og foto: Vigleik Brekke