Framleis straumsparing, men meir arbeidsvarme

Tiltaket med maksimumstemperatur i kommunale lokale er oppheva.

Gymnastikkalen på Knappskog skule. Ill.foto - Klikk for stort bileteGymnastikkalen på Knappskog skule. Ill.foto

I slutten av september i fjor vart det gjennomført ei rekkje tiltak for å redusera straumutgiftene til kommunen. Med forventa redusert forbruk på 20 prosent og ein gjennomsnittspris på tre kroner, rekna kommunedirektøren med at straumutgiftene i 2023 ville verta på om lag 53,6 millionar kroner.

Eitt av tiltaka var å redusera maksimumstemperaturen i ei rekkje bygg til 20 grader. I idrettshallar vart grensa sett til 17 grader på speleflatene. I 2021 vart det teke i bruk eit energiovervakingssystem som gav oversikt over straumforbruket på det enkelte bygg til  ei kvar tid. 

Straumprisen har no stabilisert seg, og kommunen har oppnådd ein god effekt av tiltaka. Kommunedirektør Johnny Breivik seier at ein har lukkast å tilpassa drifta til ein høgare straumpris og at straumbudsjettet for 2023 (46 millionar) vil halda utan den strenge temperaturreguleringa.

Han rosar dei tilsette for å følgja opp straumtiltaka som vart innførte hausten 2022.  

- Effekten av tiltaka har vore god. No har straumprisen stabilisert seg til rundt ei krone pr. kilowattime. Med tanke på den gode effekten av tiltaka og situasjonen i straummarknaden, kan vi no oppheva tiltaket knytt til maksimumsetemperatur. Det er likevel viktig å halda fram med tiltak som reduserer straumutgiftene, seier kommunedirektør Johnny Breivik.