Kommunedirektøren føreslår å leggja ned Skålevik skuleSaka skal først behandlast i levekårsutvalet 30. april og seinare avgjerast av kommunestyret.
Det er ikkje kapasitet til å flytta alle elevane på Skålevik anten til Ulveset skule eller til Ågotnes skule.
Det er føreslått ny krinsgrense mellom Ågotnes og Ulveset i krysset Vestsidevegen/Øyavegen ved avkøyringa mot Algrøyna, Langøyna, Lokøyna og Syltøyna. Dei som har avkøyrsel nord for dette punktet høyrer Ågotnes skulekrins, og dei som har avkøyrsel vest og sør høyrer til Ulveset skulekrins. Det er i dag 136 elevar som høyrer til Skålevik krins.
Det er vidare føreslått at Ulveset barnehage vert teken i bruk til skuleformål for Ulveset skule frå og med august 2025. Det vert sett av 20 millionar kronar til å gjera nødvendige tilpassingar og investeringar til å gjennomføra vedtaket. Ulveset og Ågotnes skular verte prioriterte for framtidig rehabilitering, under føresetnad av at erstatningsslokale vert etablert først.
På grunn av målingar av frie asbestprøvar vart hovudbygget på Skålevik skule stengd i januar i år. Fram til sommaren har 1. og 2. trinn undervisning på Skålevik, medan 3. og 4. trinn på går på Ulveset skule. 5. til 7. trinn går på Ågotnes skule.
Har vurdert fleire alternativ
Kommunedirektøren har vurdert fleire permanente alternativ for elevane på vestsida. Han har vurdert både ny barneskule på Møvik slik kommunestyret har vedteke og ny barneskule på Ulveset. Dei andre alternativa er ny barneskule på Skålevik og eit fjerde alternativ om ikkje å byggja ny barneskule, men nytta eksisterande kapasitet på Ågotnes skule og Ulveset skule og krinsjustera mellom desse skulane.
Det er altså det siste alternativet kommunedirektøren går inn for. Fordelane med dette alternativet er det er økonomisk gunstig både med tanke på skuledrift, mindre behov for erstatningslokale og lågare investeringskostnad. Ordninga kan setjast i verk frå skuleåret 2025/2026 og det kan løysa erstatningsskuleutfordringa på lang og kort sikt. Ulempa er mellom anna at det vert større endringar for elevar og tilsette på Ågotnes, Skålevik og Ulveset. Andre ulemper er at dette kan verta krevjande for sårbare elevar og medfører meir skuleskyss.
- Det er tilgjengeleg elevkapasitet både på Ågotnes skule og Ulveset skule. Den økonomisk mest gunstige løysinga er å ikkje byggja eit nytt skulebygg på noverande tidspunkt. Dette vil gjera det mogleg å ha ein lengre tidshorisont for framtidige vedlikehaldsbehov på desse to skulane, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst: Vigleik Brekke