Fyllingen Maskin AS skal byggja Øygardskabelen 2

Statnett har tildelt byggje- og anleggskontrakt med Fyllingen Maskin for Øygardskabelen 2. Jordkabelen skal gå mellom Sollsvika og Blomøyna og har ein kontraktsverdi på om lag 220 millionar kroner.

Jordkabelen skal leggjast i fleire bruer på strekninga. Biletet viser Svelgen bru. - Klikk for stort bileteJordkabelen skal leggjast i fleire bruer på strekninga. Biletet viser Svelgen bru.

I områdeplanen for bergensregionen og Haugalandet er oppgradering av Øygardskabelen 2 eitt av dei viktige prosjekta i trinn eín i planen. Kabelen legg til rette for vidare nettutvikling og tilknyting av nytt forbruk.

- Fyllingen Maskin AS skal bidra til å realisera eit viktig prosjekt i ein region som har høg prioritet på vår side. Mange aktørar ventar på utbygging av kraftnettet i Vestland. Vi er svært glade for at vi kan tildela denne kontrakten til eit selskap med regional tilhøyrsle, seier konserndirektør for Nett i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim.

Det skal gjennomførast grave-, bygg- og anleggsarbeid på ein strekning på om lag 15 kilometer før jordkabelen vert installert. Fyllingen Maskin AS skal plassera hovudriggen på Rong. Etter planen startar arbeidet opp i løpet av januar.

Her finn du meir informasjon om prosjektet (ekstern lenkje). 



Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland