Gav ros til fosterheimsprosjekt

Barne- og familieminister Kjersti Toppe likte det ho høyrde då ho besøkte barneverntenesta i Øygarden og fekk informasjon om fosterheimsprosjektet Zip-team.
- Eg er svært begeistra over måten de arbeider på, sa statsråden.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe nytta høvet til å besøka Øygarden den dagen framlegget til statsbudsjett for 2025 vart presentert. Til høgre, kommunestyrerepresentant i Øygarden, Sølvi Kobbeltvedt. - Klikk for stort bileteBarne- og familieminister Kjersti Toppe nytta høvet til å besøka Øygarden den dagen framlegget til statsbudsjett for 2025 vart presentert. Til høgre; kommunestyrerepresentant i Øygarden, Sølvi Kobbeltvedt.

Dette er eit utviklingsprosjekt i læringsnettverket til Statsforvaltaren i Vestland og er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Alver kommune og Bufetat ved fosterheimstenesta.

Prosjektet, som er finansiert av Statsforvaltaren, skal rekruttera og gje opplæring av fosterheimar i geografisk nærleik.

- Eg vert nesten rørt av å høyra om dette. Her ligg det gode verdiar til grunn. De prøver å leggja til rette for at barna skal få bu der dei kjem frå. Eg har stor tru på det de gjer, sa Toppe.

Ho viste til at det er for mange barn som må bu i fosterheimar i andre kommunar.  Tal viser at rundt 60 prosent av fosterheimsbarna bur i ein annan kommune enn heimkommunen.

- Det er for dårleg. Eg vert rørt når eg høyrer ordførar og den administrativ leiinga i ein rekrutteringsvideo snakkar om våre barn, sa statsråden.

Ho opplyser at i framlegg til statsbudsjettet for 2025 er det sett av 50 millionar kroner til prosjekt som dette. I tillegg er det sett av 64 millionar kroner som skal dekkja det fosterheimsforeldre taper i tenestepensjon ved at dei tar permisjon frå sin ordinære jobb. Totalt er det sett av 800 millionar kroner til barnevernet i statsbudsjettet for 2025.

Frå venstre Hege Eide Vik (fylkespolitikar Senterpartiet), Sølv Kobbeltvet (kommunepolitikar Øygarden for Senterpartiet), einingsleiar for barneverntenesta i Øyagrden Hege Gundersen, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen (H), Fagutviklar omsorg i barneverntenesta i Øygarden og prosjektleiar for Zip-team, Lita Havnevik Erstad, avdelingsleiar i Bufetat (fosterheimstenesta), Carol Vangsnes, Hilde Baardsen (Bufetat) og barne- og familieminister Kjersti Toppe. - Klikk for stort bileteFrå venstre Hege Eide Vik (fylkespolitikar Senterpartiet), Sølvi Kobbeltvedt (kommunepolitikar Øygarden for Senterpartiet), einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden Hege Gundersen, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen (H), fagutviklar omsorg i barneverntenesta i Øygarden og prosjektleiar for Zip-team, Lita Havnevik Erstad, avdelingsleiar i Bufetat (fosterheimstenesta), Carol Vangsnes, Hilde Baardsen (Bufetat) og barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Fosterheimskrise

Fagutviklar omsorg i barneverntenesta i Øygarden og prosjektleiar for Zip-team, Lita Havnevik Erstad, og avdelingsleiar i Bufetat (fosterheimstenesta), Carol Vangsnes, orienterte om prosjektet.

- Vi må erkjenna at har ein fosterheimskrise. Vi spurte oss korleis vi kan få til eit tettare samarbeid mellom stat og kommune når det gjeld rekruttering av lokale fosterheimar. Dette kan vi ikkje gjera utan Bufetat, og Bufetat kan ikkje få til dette utan oss, sa Havnevik Erstad.

Arbeidet har gjeve resultat.

- For kort tid sidan kunne eit barn flytta inn til den første fosterheimsfamilien som vi har følgd i heile prosessen. Her har vi fått ei smidig innflytting i ein heim, sa Carol Vangsnes.

Fosterheimsplassering i nettverk skal alltid være ei føretrekt løysing for barn som ikkje kan bu saman med foreldra sine, for ein kortare eller lengre periode. Zip-team-prosjektet ønskjer å setja fokus på verdien av tilhøyrsle til stad, kultur og nærmiljø når det ikkje finst berekraftige omsorgsalternativ i kjente relasjonar.

Frå Oppvekst/barneverntenesta møtte mellom anna kommunalsjef Marius Sylta, barne- og familiesjef Monica Johannesen Mørk, og einingsleiar for barneverntenesta Hege Gundersen. Saman med statsråden følgde kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Øygarden, Sølvi Kobbeltvedt og Hege Eide Vik (Hordaland Senterparti).

Også leiar i levekårsutvalet Ernst Einarsen (H) var med på samlinga.

- Vi har eit stort behov for å forstå kvarande. Fosterheimsprosjektet er eit tiltak som vi ser fungerer. Det er kjekt at du er her, sa Einarsen til statsråden.

Her kan du lesa om Zip-team-prosjektet. (PDF, 818 kB)


Tekst og foto: Vigleik Brekke