Giftig vatn i Blomvatnet

Øygarden kommune frårår sterkt at du badar i Blomvatnet på Blomøyna. Vatnet kan vera farleg. 
Badesesongen nærmar seg, og i kommunen vår er det fleire gode offentleg tilrettelagde badeplassar.

Biletet frå Blomvatnet viser korleis cyanobakteriar (blågrønalgar) kan sjå ut. - Klikk for stort bileteBiletet frå Blomvatnet viser korleis cyanobakteriar (blågrønalgar) kan sjå ut. Arnold Håland, NNI (Norsk Natur Informasjon)

Miljøretta helsevern i Bergen opplyser at det er observert cyanobakteriar (blågrønnalgar) i Blomvatnet på Blomøyna den 23. mars 2025. Cyanobakteriar kan produsera giftstoff som kan vera skadelege for både menneske og dyr. Cyanobakteriane vart observerte om morgonen i sørenden av vatnet, men var borte seinare på dagen. 

- Vi kan ikkje garantera at det er trygt å bada i vatnet og tilrår folk om å ikkje bada i Blomvatnet. Det same gjeld for hundar, då fleire hundar har mista livet andre stader i landet etter å ha bada i vatn med oppblomstring av cyanobakteriar, opplyser overingeniør i Miljøretta helsevern, Sunniva Vatle. 

Rådet vert gjeve i samråd med assisterande kommuneoverlege og smittevernlege i Øygarden, Bjørg Møllerløkken.

Eksponering for cyanobakteriar kan føra til hudirritasjonar, utslett og i verste fall forgifting ved inntak av vatn. Det er difor viktig å vera observant på vasskvaliteten før ein badar. 

Kor mykje algar som er i vatnet kan endra seg med ver og vind. Det er særleg nå vatnet er grønfarga og siktdjupna er mindre enn ein halv meter at det er frårådd å bada. Miljøretta helsevern skal ta ein prøve av vatnet neste gong det vert observert cyanobakteriar og vi vil i annonsera resultata på nettsida til kommunen.

Badesesongen 2025 

Med sommaren rett rundt hjørnet, er det tid for å nyta dei mange flotte badeplassane kommunen har å tilby. Det er seks offentlege tilrettelagde badeplassar i kommunen som er utstyrte med toalett, bord og benker, samt bosspann og offentleg ettersyn: 

  • Lislevika på Tjeldstø: Dette er ei langgrunn sandbadefjære eigna for barn. Her er lagt til rette med stupebrett, benker og bord. 
     
  • Ovågen/Skjelsanden: Dette er ei fin sandstrand i nærleiken av Kystmuseet i Ovågen. Det er tilrettelagt med toalett, bord, benker, redningsbøye og grusveg. 
     
  • Ormhilleren: Denne badeplassen er populær, særleg for dei som har små barn. Det er grunt og til dels sandbotn. Det er tilrettelagt med toalett, grusveg, bord og benker. 
     
  • Kårtveitpollen: Dette er ein badeplass med gapahuk, grill, svaberg og badefjære eigna for barn (langgrunt) med skjellsand.
     
  • Geitvika: På denne badeplassen er det sandstrand, grindebygg, bord og benker, godt eigna for små barn. Her er ei lang avtrappa natursteinsmur som kan nyttast til opphald og som gjev tilgang til sjø og bading. 
     
  • Smivågen på Tyssøyna: Dette er ein badeplass med fin sandstrand, svaberg og plen. Det  er populært for overnatting i telt eller småbåt. 

Prøvetaking av badevatnet 

I Øygarden kommune er det stort sett svært god badevasskvalitet i båe sjø og i vatn. For å sikra ei trygg og hyggeleg badeoppleving, tek kommunen bakterielle prøver fem gonger i løpet av badesesongen (mai-september) på dei seks offentleg tilrettelagde badeplassane vi har i kommunen. I tillegg vert det teke prøvar frå Skiftedalsvatnet på Foldnes og Smånipatjørnet på Kausland då det er mange badande der. 

Dette er ein del av vårt kontinuerlege arbeid for å oppretthalde høg vasskvalitet og sikra at badevatnet er trygt for alle. Dersom vi får resultat frå prøvane med høge verdiar av bakteriar, vert det annonsert på nettsidene til kommunen. Det vert også sett opp skilt der vi ikkje tilrår bading frem til verdiane har normalisert seg.  

Det vert ikkje teke prøvar andre stader i kommunen, og vi oppmodar difor alle til å følgja dei lokale retningslinjene for bading: 

•    Unngå bading etter kraftig regn: Store nedbørsmengder kan føra til forureining av badevatnet, og vi tilrår difor å venta med bading til 1-2 døgn etter kraftig regn.  

Vi oppmodar alle til å ta omsyn til miljøet ved å bruka tilgjengelege fasilitetar og rydda opp etter seg. La oss saman gjera badesesongen 2025 til ei fantastisk oppleving for alle! For meir informasjon om badesesongen og vasskvaliteten, besøk Øygarden kommune si nettside om badeplassar. 

Bading i Skogavatnet ved Sotra Arena 

Skogavatnet ligg like ved Sotra Arena og er tilrettelagt med enkel tilkomst, grusveg, strand, bord, benker og bosspann. Badevassprøvane frå 2024 viste utmerkt badevasskvalitet, men det har diverre vore dårleg vasskvalitet ved Skogavatnet i mange år. Difor vart det teke ekstra prøvar i 2023, og det vart sett opp skilt for å åtvara folk mot å bada det året.

Vasskvaliteten kan vera varierande, spesielt etter store nedbørsmengder. Dette kjem truleg av at vatnet er grunt og lite, og det er mykje fugl i området. Fuglar kan vera ei kjelde til smitte med ulike mikroorganismar som naturleg i tarmfloraen til både menneske og dyr, og kan føra til ulike infeksjonar som til dømes diaré og magesmerter. Dette gjer vatnet mindre eigna som badeplass, særleg for små barn som er mest utsette. Små barn har ein tendens til å eta sand og drikka vatn medan dei leikar i skvulpesonen, noko som aukar risikoen for å bli smitta av bakteriar og virus. 

Folk vert difor heller oppmoda om å Geitvika som ikkje ligg langt unna Skogavatnet. 

-  Vi minner likevel om at badevassprøvane frå 2024 viste utmerkt badevasskvalitet, men vi vel å ikkje ta prøvar herifrå i 2025 då vår vurdering er at badeplassen ikkje lever opp til standardane vi sett til offentlege tilrettelagde badeplassar, seier Synniva Vatle.