- Gje aldri opp!

Joar Jordalen (24) frå Telavåg er døv og møtte mykje motstand før han fekk realisera draumen sin. No har han fått oppfylt draumen som maskinførar. På fredag møtte han ordførar Tom Georg Indrevik.

Frå møtet mellom Joar Jordalen og ordførar Tom Georg Indrevik på fredag. - Klikk for stort bilete Vigleik Brekke

Men vegen fram til å verta tilsett som maskinførar hjå Sartor Drange har vore lang. Mange andre ville nok gjeve opp kampen for å få den utdanninga og kvalifikasjonen han var på jakt etter.

- Eg søkte på bygg- og anleggslinja på Os vidaregåande skule, men eg fekk avslag ettersom eg er døv. Eg fekk råd om å ta bilmekanikarlinja, men eg treivst ikkje med det, seier han.

Joar har hatt god støtte og hjelp frå faren sin som er maskinførar og hadde praksis der i nokre år. Men draumen levde. Han søkte hjelp hjå rådgjevar på den vidaregåande skulen, men møtte motstand.

- Dei stod på sitt og hadde mange motførestillingar. Uansett var målet mitt å verta maskinførar. Til slutt valde eg å søkja på Os vidaregåande skule på nytt, men utan å opplysa om at eg var døv, fortel Joar.

Han kom inn på skulen. Far til Joar vart ringt opp då leiinga oppdaga at Joar var døv. Faren vart rasande og med saftige uttrykk gav far til Joar gav tydeleg melding til skuleleiinga om kva han meinte om denne behandlinga. Det enda opp med at Joar fekk fullføra utdanninga på Os vidaregåande skule.

- Eg fekk tilpassa undervisning. Det var krevjande i starten, men etter kvart som det kom fast tolk på plass, fungerte det svært bra, seier Joar.

Joar er maskinførar hjå Sartor Drange - Klikk for stort bilete Privat

Rosar viljen til å stå på

Ordførar Tom Georg Indrevik rosar Joar for den stå på-viljen han har vist. Han meiner det er svært viktig at slike historier kjem fram.

- Dette er kort og godt imponerande. Du har vist ein einståande vilje til å arbeida for målet ditt. Eg håpar du vil verta eit godt eksempel for andre i liknande situasjonar, sa ordføraren.

- Kva råd vil du gje andre som er i same situasjon?

- Køyr på og gje aldri opp. I den situasjonen eg var i, stolte eg berre på meg sjølv. Ikkje lytt til dei som vil setja ein stoppar for det du har tru på, seier Joar.

No har Joar Jordalen fagbrev, firmabil og er på oppdrag for Sartor Drange på Alvøen der det skal byggjast ny idrettshall. Han opplever at arbeidsgjevaren legg godt til rette for at han kan utføra jobben sin. Mellom anna får han informasjon på SMS og e-post og brukar ein app i arbeidskvardagen. 

- Eg har ein fast kontaktperson i Sartor Drange. Han er fantastisk. Vi kommuniserer med kvarandre ved at eg både brukar stemma og teikn. Min neste draum er å ta lastebilsertifikat med tilhengjar, seier Joar.

Joar Jordalen vart intervjua av Vestnytt 24 juni.


Tekst: Vigleik Brekke