Gjev bistand etter bilbrann og funn av død kvinne

Øygarden kommune har gjennomført og vil halda fram med særskilte tiltak retta mot elevane på Toftøy skule. Bakgrunnen for dette er at ei kvinne vart funnen død i ein utbrent bil på Blomøyna på sundag. Ein person er pågripen og sikta for drap.

Avdøde er mor til to barn på Toftøy skule. Politiet og kommunen vel å gå ut med informasjon om dette for å unngå spekulasjon og at kommunen i best mogleg grad kan følgja opp barna.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at kommunen har funne det rett på eit tidleg tidspunkt å gjennomføra tiltak retta mot dei tilsette og elevane på Toftøy skule. 

-    Dette er tragisk for dei pårørande og rammar lokalsamfunnet sterkt. Det psykososiale kriseteamet har formidla kontakt mot pårørande og vil saman med barnevernet vera ein ressurs i oppfølginga. Skuleleiinga har hatt møte dei tilsette og følgjer opp med tiltak mot elevane. Vi er opptekne av at skulen får ro til å ivareta elevane og dei tilsette på best mogleg måte, seier ordføraren.

Han seier vidare at i ein slik situasjon er det viktig at ein støttar kvarandre. 

-    Som kommune vil vi hjelpa til med nødvendige tenester, seier Tom Georg Indrevik.

Dei som ønskjer å snakka med nokon etter det som har skjedd, kan kontakta Øygarden legevakt på telefon 116117.


Tekst: Vigleik Brekke