Gjev vinnarpremie til Kreftforeningen

Det var stas for sjuande trinn på Kolltveit skule på fredag. Ordførar Tom Georg Indrevik og andre prominente gjester troppa opp og overrekte pokal, diplom, bollar og brus. Kolltveit skule vann nemleg 12 rette-konkurransen på Radio Sotra i mars. Vinnarpremien på 10 tusen kroner går til Kreftforeningen.

Sjuande trinn saman med lærarar, rektor og gjester. - Klikk for stort bileteSjuande trinn saman med lærarar, rektor og gjester.

På finaledagen måtte dei tre representantane for Kolltveit skule, Isabella Myklebust Hang, Deni Tavmurzaev Timeriasanovich og Kristoffer Molaup Hitsøy konkurrera med elevar frå Skogsvåg og Spildepollen skular.

- Det var kjempegøy og litt skummelt. Vi var redde for å ryka ut undervegs fram til finalen. Vi likte best spørsmål om geografi og minst spørsmåla om musikk, seier Isabella.

Kvifor gav de vinnarpremien på 10 tusen kroner til Kreftforeningen?

- Det er mange barn som er sjuke og ikkje har det så bra. Vi ønskjer at dei skal få eit betre liv. Vi kjenner nokre som har kreft og tenkjer på dei, seier Deni.

Redaktør i Radio Sotra opplyste at på den første 12 rette-konkurransen i 2001 var det også Kolltveit som gjekk til topps.

- De gjev pengane til eit godt prosjekt. No skal de få bollar og brus og 1 500 kroner i gåvekort frå Sartor Storsenter de kan bruka på noko de har lyst på, sa redaktøren.

Isabella Myklebust Hang, Deni Tavmurzaev Timeriasanovich fekk diplom og takk frå Håkon Larsson-Fedde i Kreftforeningen. - Klikk for stort bileteDeni Tavmurzaev Timeriasanovich og Isabella Myklebust fekk diplom og takk frå Håkon Larsson-Fedde i Kreftforeningen.

Mange vert friske frå kreftsjukdomen

Håkon Larsson-Fedde i Kreftforeningen takka for gåva. Han minna om at tre av fire som får kreft, vert friske.

- Eg har nettopp mista ein av mine beste vener. Mange vert sjuke, men dei pengane de gjev bidreg til at fleire og fleire overlever kreftsjukdomen. Denne gåva går konkret til arbeidet mot kreft med spreiing, sa Larsson-Fedde.

To entusiastar i arbeidet mot kreft lokalt er marknadssjef i Sartor Storsenter Hans Jarle Einarsen og Benjamin Torsvik som mellom anna arbeider i Odeon Kino Sotra. Einarsen har i løpet av fleire år stått i spissen for arbeidet med å samla inn fleire millionar kroner til kreftsaka.

Ordførar Tom Georg Indrevik overrekte pokalen til Kristoffer Andre Hufthammer.

Benjamin Torsvik skal ut på vårparten sykla 50 mil til Oslo for denne saka. Både Hans Jarle og Benjamin har vore svært flittige med å gå og springa turar til Liatårnet til inntekt for Kreftforeningen. Rekorden er 18 turar i løpet av eín dag.

- Ein gal i idé kan gje store beløp til kreftsaka, sa Benjamin til elevane.

Rektor Odd Erik Kjeldstad var synleg stolt over innsatsen til elevane og det formålet dei vil støtta.

- Vi kan gjerne spørja kvifor de kan så mykje. Svaret er at det jobbar godt i timane og har gode lærarar. De i sjuande klasse er utruleg flinke og greie, sa rektoren.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Rektor Odd Erik Kjeldstad - Klikk for stort bilete
Håkon Larsson-Fedde, Kreftforeningen - Klikk for stort bilete
Rolf Øvretveit, Radio Sotra - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Rolf Øvretveit, Benjamin Torsvik, Hans Jarle Einarsen, Håkon Larsson-Fedde og Odd Erik Kjeldstad. - Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke