Godt oppmøte på ekstremsport-samling

Nærare 40 personar møtte opp på samlinga måndag ettermiddag for å drøfta om det er grunnlag for å arrangera ekstremsportveke i Øygarden.

Frå gruppesamtale - Klikk for stort bileteFrå gruppesamtale

Etter innleiing ved reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, gruppearbeid og presentasjon av gruppearbeidet i plenum, kunne leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv, konkludera med at dette var eit svært bra møte med gode innspel og at ei ekstremsportveke kan realiserast i 2025.

- Det er nok mest sannsynleg at vi må bruka 2024 til å landa ein struktur for eit slikt arrangement og gjennomføra det året etter, sa Kallekleiv.

Kom med innspel

Kulturleiar Christel Møvik-Olsen sa at dette skulle vera ei moglegheitssamling med idémyldring til inspirasjon for alle som er opptekne av ekstremsport. Her kan du senda inn innspel.

Anders Nyland - Klikk for stort bileteAnders Nyland

Innleiingsvis snakka Anders Nyland viste til at det er to typar arrangement som kan vurderast; deltakardrivne arrangement (som til dømes Bergen City Maraton) og publikumsarrangement.

- Her i Øygarden er det deltakararrangement som er aktuelt. Eit slikt arrangement kan bidra positivt til lokalmiljøet ved verdiskaping, regional utvikling, utvikling av idrett og utvikling av kultur, sa Nyland.

Felles utfordringar

Etter at gruppene hadde presentert tankar om kva rolle næringslivsaktørar og organisasjonar kan ta og korleis kommunen kan vera ein tilretteleggjar, sa Nyland at alle gruppene var innom like tema.

- Eg registrerer at alle vil bidra, og det er strålande. Det er utfordringar knytt til logistikk og tilkomst. Det fine med kvelden er at utfordringane er svært like, sa Anders Nyland.

Avslutningsvis vart deltakarane utfordra til å koma med forslag til namn på ekstremsportveka. - Klikk for stort bileteAvslutningsvis vart deltakarane utfordra til å koma med forslag til namn på ekstremsportveka. Her er resultatet.

I oppsummeringa frå gruppesamtalane vart det peika på at det bør leggjast til rette for festivalarrangement over fleire dagar med høve til overnatting spreidd rundt om i heile kommunen. Det er viktig at dei ulike aktørane samarbeider godt og at det vert god koordinering mellom dei som driv med det same.

Det vart nemnt at det ikkje er ikkje klokt å kopiera ekstremsportveka på Voss. Andre peika på at ein må bruka naturen, sikra mangfald og syta for god marknadsføring.

Når det gjeld forventningar og behov for hjelp frå kommunen, vart det peika på behov for gode transportløysingar, god infrastruktur, parkering og hjelp til å få tilgang til område som er aktuelle for ekstremsport.

Nærare 40 personar hadde funne vegen til Straume Teknologisenter. - Klikk for stort bileteNærare 40 personar hadde funne vegen til Straume Teknologisenter.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke