Grønamyrvegen er stengt for gjennomkøyring

Måndag føremiddag (24. juni) vart Grønamyrvegen på Straume stengt for gjennomkøyring. Vegen vil i første omgang vera stengt i to veker fram til entreprenøren tek ferie.

Vi registrerte på måndag at mange oversåg skiltet om stengt veg og måtte snu. - Klikk for stort bileteVi registrerte på måndag at mange oversåg skiltet om stengt veg og måtte snu.

Dei som skal inn til parkeringsanlegget ved Obs og Lieco-bygget, må køyra inn frå nord.

Det er i samband med arbeidet med å oppgradera Grønamyrvegen til gatestruktur at vegen må sperrast for gjennomkøyring. I første omgang er det ei strekning på 30 meter som er sperra av.

I vekene 28-30 (8. juli-28. august) vert vegen open for gjennomkøyring. Frå oppstart av anleggsarbeidet etter ferien 29. juli, vert Grønamyrvegen stengt over eit lengre tidsrom.