Her er ein god del av aktørane på reiselivssamllinga.På denne startsamlinga skulle sesongen for reiselivet i Øygarden sparkast i gang. Ordførar Tom Georg Indrevik slo an tonen og viste til visjonen og slagordet for Sund ungdomsskule “Stolt ung stril - med røter i fjæra og retning mot framtida”.
- Vi må vera planta i forhistoria vår og samstundes sjå framover. Eg har sett på reiselivet her ute og vurdert det opp mot dei 10 megatrendane til NHO for reiselivet. Vi skårar på sju av desse. Vi har reisemål, skjulte perler, opplevingsturisme, matferie og miljøvennnleg transport, sa ordføraren.
Han var oppteken av at vi snakkar oss sjølv opp.
- Vi har bedrifter i verdsklassen og kan vera stolte av det vi skapar. Hugs at det er ingen vits med turisme utan kassaapparat. Mine råd er at vi samarbeider, ser moglegheitene og er kreative, sa ordføraren.
Gjestene er meir kresne
Reisleivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland, sa at reiselivet i Øygarden er blitt stort og profesjonelt, men vi kan alltid bli betre. Noreg må ta vare på fortrinna, men også bli betre på ein del felt. Det handlar mellom anna å bli betre på kunst og kulturopplevingar, matopplevingar, lokal mat og drikke og at vi syter for god standard og kvalitet.
Bergen har for første gong passert tre millionar kommersielle overnattingar. I tillegg kjem overnattingar som ikkje er med i denne statistikken, som til dømes Airbnb.
- Snakk heller om gjester enn turistar. Gjestene vil ikkje lenger berre sitja i ein buss og sjå ut vindauga og seia at dette er flott. Det held ikkje for ein kresen og godtbetalande turist. No snakkar vi om naturturisme (natur og kultur). Det er auka interesse for lokal mat og drikke. Service og kvalitet er blitt endå viktigare. Dette har blitt betre, men det er ennå ikkje godt nok, sa reiselivsdirektøren, som minna om at konkurranse mellom reiselivsaktørane er sunt, men samarbeid er endå sunnare.
Runddt 100 personar deltok på samlingaØnskjer at reiselivet blir prioritert
Næringssjef i Øygarden kommune, Marianne Furheim, snakka om moglegheitene for reiselivet når no kommunen arbeider med arealdelen til kommuneplanen. På medverknadsmøtet den 19. februar deltok over 70 personar. Det kom innspel om å leggja til rette for eit variert næringsliv som inkluderer kystlandbruk, kulturliv, reiseliv og opplevingar. Det er mellom anna behov for «fast track» for tilleggsnæringar som turisme, overnatting, båthamner m/ utleige og inn på tunet.
- Det er behov for sterkare fokus på og prioritering av reiselivet. Kommunen må støtta og møta reiselivsnæringa med moglegheiter slik ein elles møter og legg til rette for næringslivet og næringsutvikling i kommunen, sa Furheim.
Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, understreka samanhengen mellom reiseliv og næringsliv. Det er registrert 424 sysselsette i reiselivet i Øygarden (2023).
- Dei er avhengige av kvarande. Reiseliv er ein viktig del av næringsstrukturen i Øygarden. Reiseliv har eit stor potensiale. Det krev samarbeid, og vi må bruka kvarandre, var oppmodinga frå leiaren av næringsrådet.
I løpet av samlinga fekk ulike aktørar taletid for å visa fram produkta og tenestene sine. Ved å vita om kvarandre, kan ein inngå samarbeid og kunne tilby gjestene heilskaplege tilbod innan overnatting, opplevingar og kultur.
- Samlinga viser at det mange aktørar i kommunen som ønskjer å utvikla seg, og sjå moglegheiter saman, seier næringssjef Marianne Furheim.
Gjennom prosjektet Berekraftig reisemål vil VisitBergen, Øygarden kommune, Vest Næringsråd og aktørane jobba mot ei berekraftig reisemålsutvikling i Øygarden. Merkeordninga er eit langsiktig arbeid som skal setja Øygarden på kartet også som ein destinasjon som tar vare på miljøet. Det kan ein sjå i samanheng med den nasjonale reiselivssatsinga "Sterke inntrykk med små avtrykk", som tydeleggjer berekraft som eit verdigrunnlag og konkret mål for utviklinga i norsk reiseliv.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Anders Ekanger og Vigleik Brekke