- Han var svært godt planlagt

I sommar passerte Øygarden kommune 40 tusen innbyggjarar. Fire familiar med sine nyfødde var inviterte til helsestasjonen på Straume på tysdag for å vera med på markeringa av denne milepålen. Nathalie og Dag Stefferud fekk sin kjære Benjamin den 6. juni. 
- Det var ikkje tilfeldig, seier dei.

Frå venstre; Sunniva Mathilde Gjesdal med Noah som vart fødd 1. juni, Asle Flaten og Lina Solvang med jenta si fødd 1. juni), ordførar Tom Georg Indrevik, Lavina Lucero Rubin og far Randy Sordilla Ruben med barnet Liza Mathea fødd 2. juni (bror ti venstre for far) og Nathalie og Dag Stefferud med Benjamin fødd 6. juni). - Klikk for stort bileteFrå venstre; Sunniva Mathilde Gjesdal med Noah som vart fødd 1. juni, Asle Flaten og Lina Solvang med jenta si fødd 1. juni, ordførar Tom Georg Indrevik, Lavina Lucero Rubin og far Randy Sordilla Ruben med barnet Liza Mathea fødd 2. juni (bror til Liza Mathea til venstre for far) og Nathalie og Dag Stefferud med Benjamin fødd 6. juni).

Kommunestyret har avgjort at kvar familie får peika på eit frivillig lag eller ein organisasjon i kommunen som skal få ei gåve på 10 tusen kroner. I tillegg fekk familiane overrekt eit gåvekort på fire tusen kroner.

Ordførar Tom Georg Indrevik måtte vedgå at kommuneleiinga ikkje trudde at ein skulle passera 40 tusen innbyggjarar allereie andre kvartal. Men tidleg i juni skjedde det faktum at den langstrakte kommunen hadde eit folketal på 40 tusen.

- Dette viser at vi treng eit godt desentralisert tilbod. Vi er den 27. største kommunen og større enn mange norske byar. Vi er ein attraktiv kommune å bu i. De som no har fått barn rundt 1. juni, kan hugsa på at de fekk dette barnet like før den store markeringa av ferdiggjeringa av Northern Lights-anlegget her i Øygarden. Eg vil takka alle dei 2 800 tilsette i Øygarden kommune for dei tenestene dei leverer kvar dag, sa ordføraren.

Godt å bu her 

Nathalie og Dag Stefferud bur på Sollsvika. Nathalie jobbar på Godvik i Bergen, medan Dag har jobben sin på Ågotnes.

- Vi opplever det godt å bu i Øygarden. Denne markeringa var hyggeleg å få vera med på. Det er fint at vi kan få plukka ut ein organisasjon vi meiner bør få økonomisk støtte frå kommunen. Ja, vi har tenkt på kven som skal få støtte, seier dei to.

Familien Stefferud - Klikk for stort bilete- Det er godt å bu i Øygarden, seier Nathalie og Dag Stefferud.

Ekteparet Stefferud har fått tre barn, ei jente som no er tre og eit halvt år og vesle Benjamin som er to og ein halv månad gamal. Familien opplevde å mista det tredje barnet i juni 2023, ei jente på fem veker.

- Det var ei krevjande tid. Vi har valt å snakka om dette saman, både oss vaksne imellom og med det eldste barnet vårt der vi ser på bilete og snakkar om dette skjedde. Vi opplevde å få god hjelp og støtte frå kommunen i den vanskelege tida. Det gjeld også i tida etter, seier dei.

Det var avdelingsleiar for helsestasjon, skulehelseteneste og HFU, avd. Straume, Elisabeth Handal, som tok imot dei fire familiane og dei andre gjestene på markeringa. Ho var stolt og glad over at markeringa var gjennomført på helsestasjonen.

- Vi er jo så heldige at vi har fått følgja desse nye innbyggjarane våre sidan dei var bitte små i mors mage. Og vi held fram med å følgja dei til dei går ut av vidaregåande skule, sa ho.

Det er fire helsestasjonar i Øygarden kommune; på Straume, Rong, Ågotnes og Skogsskiftet. I 2023 vart det fødd 364 barn i Øygarden. Kanskje bikkar ein 400 barn i 2024? 

På samlinga på helsestasjonen deltok også varaordførar Anita Garlid Johannessen, kommunedirektør Johnny Breivik, utviklingsleiar Kenneth Sangolt, helsesjukepleiar på Ågotnes helsestasjon Anita Himle og avdelingsleiar på jordmortenesta Tonje Eide Fluge. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke