Håpet om fred lever

Det er tradisjon at ordføraren og prestane reiser rundt på institusjonane og helsar bebuarane god jul og har ei kort gudsteneste på julaftan. Denne gongen besøkte dei også Odeon Kino Sotra der flyktningar fekk graut og gratis kino.

På julaftan deltok 50 flyktningar på eit arrangement på Odeon Kino Sotra der dei fekk julegraut og kino. - Klikk for stort biletePå julaftan deltok 50 flyktningar på eit arrangement på Odeon Kino Sotra der dei fekk julegraut og sjå den ukrainske familiefilmen Mavka.

Før ordføraren og prosten kom til kinolokala, hadde eit 50-tals vaksne, barn og unge fått ekte norsk julegraut. 

- Sjølv om situasjonen er ein heilt annan, håpar eg at de får ei fin julefeiring. Vi føler med dykk og håpar at neste år vil bringa fred til Ukraina, sa ordføraren til gjestene.

Prost Jan Tommy Fosse innleia med å snakka om julefreden med fridagar og etter kvart stengde forretningar.

- Men det er eit stort MEN. Sjølv om vi kan seia at julefreden har seinka seg, så er det jo ikkje slik overalt. Eg kan ikkje førestilla meg kva det vil seia å måtta flykta vekk frå krig og konflikt, og eg kan ikkje førestilla meg korleis det er å ikkje å få vera der de aller helst ønskjer å vera, sa Fosse.

Han viste til den første julenatta der Jesus vart fødd i Betlehem, om gjetarane og om englane som song om fred på jorda.

- No over to tusen år seinare er det framleis vår bøn og vårt håp vi aldri må sleppa tak i, sa prosten og bad om å få læra korleis ein seier god jul på ukrainsk.

Arrangementet i kinolokala er eit samarbeid mellom kommunen og Odeon Kino Sotra. Sparebank 1 SR-Bank og kinoen har delt mellom seg kostnadene med arrangementet. Kirsten Syljeset har vore koordinator.

Bru mellom himmel og jord

Før ordføraren og prosten kom til arrangementet for flyktningane var dei på institusjonsbesøk. På Øygarden lokalmedisinske senter las Jan Tommy Fosse juleevangeliet slik det er skildra i det andre kapittelet i Lukasevangeliet. Mormora til prosten var frå Ringsaker, Alf Prøysens rike.  

Frå samlinga på Øygarden lokalmedisinske senter. På biletet; ordførar Tom Georg indrevik, prost Jan Tommy Fosse og pianist/artist Solveig Konstanse Algrøy. - Klikk for stort bileteFrå samlinga på Øygarden lokalmedisinske senter. På biletet; ordførar Tom Georg indrevik, prost Jan Tommy Fosse og pianist/artist Solveig Konstanse Algrøy.

- Julekveldsvisa var nok den første julesongen eg lærte utanåt. I denne songen tar Alf Prøysen oss med til førebuinga av julefeiringa der vi kan sjå ut glaset for å leita etter og finna julestjerna. Der oppdaga eg juleevangeliet og at det er ein veg frå krubba til krossen i Jerusalem – der det vert skapt ei bru mellom himmel og jord. Ein port vart opna til himmelen for sine barn, sa prosten før Solveig Konstanse Algrøy framførte Julekveldsvisa.

Ordførar Tom Georg Indrevik viste mellom anna til at vi på ein dag som dette gjerne tenkjer på dei som ikkje er blant oss.

- Eg vil takka alle tilsette som er på jobb denne dagen og i julehelga. Utan at dei hadde stilt opp, hadde det heile stoppa opp. Takk også til Jan Tommy Fosse og stabens hans som arrangerer alle julegudstenestene no før jul, sa ordføraren før han ønskte alle ein god jul.

På Kvednatunet på Ågotnes var det Anita Garlid Johannessen som deltok frå kommunen si side. Der var det sokneprest Bjarte Nese som heldt andakt.

- Det var flott å vera med på dette. Eg trur eg må seia at der ute finn vi den flottaste julekrybba i heile kommunen, seier Johannessen.

På Tednebakkane omsorgssenter på Rong deltok sokneprest Espen Tveten og leiar i utval for plan og og miljø, Børge Haugetun.  Organist var Øystein Steinsland. Haugetun hadde ei kort helsing og las juleevangeliet.

- Det er ein fin tradisjon at presten heldt gudsteneste på Tednebakkane på julaftan, seier Haugetun. 

Her er fleire bilete:

Deltakarar på arrangementet på Odeon Sotra Kin - Klikk for stort bilete
Kirsten Syljeset, tolk, Tom Georg indrevik  og Jan Tommy Fosse - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Jan Tommy Fosse - Klikk for stort bilete
Kinosjef Rolf Øvretveit - Klikk for stort bilete
Banksjef i Sparebank 1 SR Bank Sotra og Øygarden, Anne Lise Gamlemshaug og Kirsten Syljeset - Klikk for stort bilete
Solveig Konstanse Algrøy - Klikk for stort bilete
Jan Tommy FOsse - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Julekrybba på Kvednatunet - Klikk for stort bilete
Bjarte Nese og Ingeborg Lutro - Klikk for stort bilete
Sokneprest Bjarte Nese heldt tale på Kvednatunet - Klikk for stort bilete
Frå samlinga på Tednebakkane senter der soknepreest Espen Tveten heldt andakt. - Klikk for stort bilete


Tekst:  Vigleik Brekke
Foto: Anita Garlid Johannessen, Børge Haugetun og Vigleik Brekke