Har du vurdert å bli fosterheim?

Bli med på eit uforpliktande nettmøte med Fosterhjemstjenesten 18. mars kl. 20 for å lære meir om kva det inneber å vere fosterheim.

Foto: Bufetat - Klikk for stort bilete

Informasjonsmøtet er for deg som er nysgjerrig på korleis det er å vere fosterheim, beredskapsheim eller spesialisert fosterheim, og som lurar på om det er noko for deg eller dykk. Du bind deg ikkje til noko ved å delta.

På møtet får du god informasjon og kan du stille spørsmål om alt du lurar på, frå stova di. Du kan også ta kontakt med Fosterhjemstjenesten i etterkant av møtet om det er spørsmål du heller vil ta på tomannshand.

Møtet blir halde av Fosterhjemstjenesten sine rådgivarar som jobbar med fosterheimar og rekruttering av fosterforeldre til dagleg.

Dette får du vite meir om på møtet:

  • Kven som kan bli fosterforeldre
  • Korleis du blir fosterforelder
  • Kva som kjenneteiknar desse barna, og kvifor dei må flytte fra foreldra sine
  • Kva forventningane er til deg som fosterforelder
  • Kva slags opplæring du får
  • Kva oppfølging og rettleiing du får
  • Økonomi, godtgjering og rettar
  • Forskjellane på ein vanleg fosterheim, ein spesialisert fosterheim og ein beredskapsheim

Meld deg på det digitale informasjonsmøtet 18. mars kl. 20-21.30 her.

Vil du heller snakke med rådgivarane i Fosterhjemstjenesten direkte? Då kan du gjerne bruke dette kontaktskjemaet.