Heidra tilsette for stor innsats ved brann

- Dei som var på jobb, kunne ikkje gjort det betre. Det seier einingsleiar på Sundheimen, Janne Thode, etter brannen på eit avdelingskjøken på Sund heimen natt til Skjærtorsdag.
Fredag møtte ho og tre av dei fire som var på vakt den natta leiinga i kommunen.

Frå venstre; Martine Elise Berntsen, Ruth Berntsen (20 mnd), Marthilde Sofie Bakke, Trude Njøten, Janne Thode, Tom Georg Indrevik, Johnny Breivik og Line Barmen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Martine Elise Berntsen, Ruth Berntsen (20 mnd), Marthilde Sofie Bakke, Trude Njøten, Janne Thode, Tom Georg Indrevik, Johnny Breivik og Line Barmen.

Ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Johnny Breivik og kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen, ville gjerne snakka med dei som var tett på den dramatiske hendinga og korleis dei opplevde å stå i ein krevjande situasjon der åtte bebuarar måtte evakuerast frå romma i avdelinga.

- Brann på institusjon er noko av det verste vi kan oppleva. Det er viktig for oss å treffa dykk og få høyra korleis de opplevde situasjonen, sa ordførar Tom Georg Indrevik som saman med kommunedirektøren og kommunalsjefen gav stor ros og takk for innsatsen frå dei tilsette på vakt. Dei var tydelege på at det vart vist imponerande handlekraft av dei som stod midt oppe i denne krevjande situasjonen.

Helsefagarbeidar Trude Njøten var ein av dei tre tilsette som vart sendt til sjukehus til observasjon etter brannen. Ho fortel at då alarmen gjekk litt etter klokka 00.30, kom det røyk frå ein elektrisk omn. Etter kvart tok det til å brenna, og brannen vart sløkt av sprinkelanlegget. Men evakueringa måtte setjast i verk.

- Sjukepleiar Marthine Elise Berntsen var i kontakt med brannvesenet, og vi måtte straks setja i gang med evakuering av dei åtte bebuarane på avdelinga, seier Njøten.

Einingsleiar Janne Thode kan ikkje få rost dei tilsette nok for handlekrafta denne natta.

- Det viktigaste er å redda liv. Det var fire på vakt, og dei på vakt og dei som kom til frå heimetenesta gjorde ein framifrå jobb. Det var mykje som måtte på plass. Mellom anna måtte vi få nytt og reint tøy frå Trigger. Dei evakuerte bebuarane kom tilbake til romma sine om kvelden dagen etter. Vi ringde også alle pårørande morgonen etter brannen, seier Tode.

- Det var hektisk, og vi hadde mykje å forholda oss til, seier helsefagarbeidar Mathilde Sofie Bakke som måtte ta litt kommando i ein kaotisk situasjon.

- Det var flott at vi fekk debriefing med brannvesenet og bedriftshelsetenesta i ettertid, seier sjukepleiar Martine Elise Berntsen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke