På kort tid er lokala for 31 tilsette i Familiehjelpa på plass.Ordførar Tom Georg Indrevik viste i helsinga si til at han som speidarleiar opplevde at ein av deltakarane vanlegvis ikkje hadde med seg niste. Då var det fast rutine at andre smurde ei ekstra skive og delte med denne speidaren.
- Dei hjelpte til der ikkje alt fungerte. Ei ekstra skive kan gjera ein forskjell. I denne samanhengen handlar det om å bry seg om dei rundt oss. De arbeider mot dei som ikkje går i demonstrasjonstog, sa ordføraren og gratulerte med dagen.
Familieperspektiv
Målet til Familiehjelpa er å kunna gje hjelp som kan bidra til at barn og unge i Øygarden har god psykisk helse og at dei opplever at dei høyrer til og kjenner på meistring i oppveksten. Eininga har eit familieperspektiv med behovet til barnet i sentrum. Familiehjelpa er organisert under barne- og familiesjefen i kommunalsjefområdet Oppvekst og er samansett av tilsette med ulik fagbakgrunn som samarbeider tett med andre tenester i kommunen. Dei 31 tilsette i Familiehjelpa kjem frå andre avdelingar/einingar. Det er ikkje tilført nye årsverk.
Frå venstre; Annette Henden, Tom Georg Indrevik, Marius Sylta og Monica Johannesen MørkDet var ein stolt einingsleiar Annette Henden som ønskte velkomen til opningsmarkering.
- Her er utruleg mykje energi og kompetanse. Humøret er godt, og alle er på jobb. Vi skal byggja gode relasjonar mot andre tenester. Vi ønskjer at barn og unge skal ha det bra, sa ho.
Når vi spør henne om kva ho vil leggja vekt på no i starten seier ho at ho vil prioritera arbeidet med korleis dei saman kan dra vekslar på kompetansen.
-Barnet er i sentrum, og vi skal ikkje laga tiltak som barn og unge skal passa inn i, men gjera det som må til for å møta behovet til barna. Dette vil vi først og fremst gjera gjennom barnehage og skule, seier Annette Henden.
Annette Henden
Leiar av levekårsutvalet, Ernst Einarsen, viste til plan for førebyggjande arbeid for barn og unge som vart vedteken for ein månad sidan.
- Det har gjerne handla om brannsløkking. Vi må ta inn over oss at vi ikkje har vore gode nok på dette feltet. Eg er imponert over at de har fått på plass dette så raskt. De har fått dedikerte folk inn her som kan arbeida i eín retning, sa han.
God støtte
Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, sa at arbeidet med å organisera dette arbeidet har vore langt, seigt og tungt, men ekstremt viktig.
- Vi har hatt administrativ og politisk støtte og fått ein god prosess med dei endringane som har skjedd. Eg vil retta ein stor takk til den partssamansette gruppa som har jobba med dette. Eg ønskjer at vi med dette får fagpersonane ut i felten og hjelper barnehagane og skulane. Bruk den kompetansen de har med varmt hjarta og kaldt hovud, sa kommunalsjefen.
Barne- og familiesjef Monica Johannesen Mørk sa at ho har stor tru på at landsbytankesettet kan bli eit fyrtårn i kommunen. Ho delte ut premiar til dei som vann namnekonkurransen, Jannicke Fure og psykologane.
Her er fleire bilete frå opninga:
Tekst og foto: Vigleik Brekke