Her er ny vekeerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 19.

8. mai-markeringar: - Stod opp mot urett

- Telavåg er ikkje berre ein stad på kartet, Det er eit symbol på mot, offer og kva fridom faktisk kan kosta. Det sa ordførar Tom Georg Indrevik på 8. mai-markeringa ved minnestøtta i Telavåg. Dagen vart markert sju stader i kommunen.
Les meir.

Eivind Helland fekk kulturpris

I ein pause i kommunestyret på torsdag fekk Eivind Helland overrekt kulturprisen for 2025 for Øygarden kommune. Helland har vore ein sentral pådrivar for musikk- og kulturlivet i Sund, og seinare i Øygarden kommune, sidan 1979 og fram til i dag. 
- Hugs å ta vare på kulturen, sa prisvinnaren etter å ha fått overrekt prisen.
Les meir.

Sel gamle skular

Kommunestyret har vedteke å selja gamle Glesnes skule, Telavåg skule, Algrøy skule og Sund skule (gymnastikksalen) til dei lokale grendelaga for eí krone. Dette var ei av 17 saker på kommunestyremøtet på torsdag.
Les meir. 

Vil stimulera til raskare omstilling

Allereie den første dagen tok tusenvis turen til HavExpo 2026 på Straume i Øygarden. Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss snakka om utvikling av både havbruk og fisker, men at omstilling er nødvendig.
- Sjømatnæringa er stor og viktig for Noreg, sa ministeren på opningsdagen tysdag.
Les meir.

Sparer mykje tid på sykling i jobben

Tove Iren Vindenes brukar seks minutt frå ho forlét arbeidspulten i familiehjelpa i Blombakkane til ho er på plass på barnevernet på Thon Senter Sartor når ho nyttar sykkel.
- Fleire vil ha stor nytte og god gevinst av å bruka sykkel i jobben, meiner Tove Iren.
Les meir.

Ønskjer spleiselag om båtrute til Geitanger

Formannskapet tilrår at kommunen løyver 130 tusen kroner i året til båtruta Geitanger- Knappskog. Med tilskot frå innbyggjarar og rettshavarar og fylkeskommunen kan dette sikra vidareføring av båtruta.
Les meir.

Overgang til ny elektronisk pasientjournal i helse- og velferdstenestene

I perioden 5. mai til 27. mai vil Øygarden kommune gjennomføra overgang frå dagens journalsystem til ny elektronisk pasientjournal, Aidn. Dette er ein viktig milepåle i arbeidet med å styrkja kvalitet og effektivitet i helse- og velferdstenestene i kommunen.
Les meir.

Varsel om mogleg oppheving av reguleringsplanar

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 første ledd varslar Øygarden kommune om mogleg oppheving av 46 reguleringsplanar. I denne omgang gjeld det planar frå heilt nord i kommunen til og med Toftøyna.
Les meir.

Offentleg ettersyn – Detaljregulering for Heimavågen, Vindenes

Detaljregulering for Heimavågen GBNR 26/180 m.fl. – Vindenes er lagt ut på offentleg ettersyn og høyring, i samsvar med plan- og bygningslovens § 12-10.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (19)

  • 04.05.:  Interne møte
                 Generalforsamling Bergen Havn
                 Møte om Fjell festning, leirskule
                Gruppemøte
  • 05.05.:  Havexpo
                 Formannskapet
  • 06.05.:  Havexpo
                 Møte om Bergen Hamn
                 Møte i politirådet
  • 07.05.:  Havexpo
                  Kommunestyremøte
  • 08.05.:  Markering 8. mai