Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 15.

Tett på Sotrasambandet

63 gravemaskinar og mange andre anleggsmaskinar er i full sving på ni av dei 11 områda på Sotrasambandet. Denne veka var kommuneleiinga ved ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik saman med leiinga i Sotra Link og Statens vegvesen på rundtur for å få siste nytt om det store samferdsleprosjektet. På denne turen konsentrerte ein seg om Knarrvika, Drotningsvik og Kolltveit. Ordførar Tom Georg Indrevik likte det han såg.
Les meir.

- Dette er ei flott ordning!

Terje Eksund frå Straume var ein av dei som lånte frø på innbyggartorget og biblioteket på Straume i dag og rosa nyvinninga. Varaordførar klipte snora og erklærte bibliotekhagen og frøbiblioteket for offisielt opna. Frå før disponerer innbyggartorget og biblioteket tredje og fjerde etasje på Sartor Storsenter. No er også andre etasje teken i bruk.
Les meir.

Hissøyna – ei kulturoppleving av dei sjeldne

Hissøyna har dei siste åra vore gjennom ei omfattande og naudsynt renovering. Arbeidet er gjennomført av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) med støtte frå Øygarden kommune. I regi av BOF er det i vår organisert åtte turar for seniorane med omvising, betasuppe og filmframsyning av Hans Kristian Bukholm.    
Les meir.

God dialog om språk i Øygarden kommune 

Øygarden kommune opplever å ha god dialog med dei lokale mållaga. Tysdag denne veka møtte representantar frå Sotra Mållag og Øygarden Mållag Øygarden kommune for å drøfta språkspørsmål. Tema i samtalen var mellom anna nynorsk i undervisninga, tilgang til undervisningsmateriell på nynorsk, språkopplæring og språkbruk i forvaltninga.      
Les meir.   

No kan du søkja tilskot til kultur, idrett og fritid

1. mars opna kommunen for søknader om årets tilskot til lag og organisasjonar. På to av ordningane kan også privatpersonar søkja. Minnar om at fristen er 15. april. Nytt av året er at tilskotspotten for kommunale stipend er auka frå 100 000 til 500 000, og det er derfor mogleg for eliteutøvarar å oppnå større stipend innanfor ordninga.
Les meir. (Facebook)

Høyring av akvakultursøknad/ Arctic Seaweed AS

Øygarden kommune har motteke til uttale søknad om løyve til etablering av landbasert anlegg for stiklingproduksjon av makroalgar på Ono i Øygarden kommune. Klekkjeriet for tarestiklingar er omsøkt på areal i eksisterande industribygg med adresse Onevegen 60.
Les meir.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (16)

  • 15.04.:  Interne møte
                Møte i KS fylkesstyret (KS: fellesorganisasjon for   
                kommunane)
                Kampen om havet
  • 16.04.:  One Ocean Konferansar (Grieghallen og Kystmuseet)
                Styremøte Bustadstiftinga
                Opning av Jula
  • 17.04.:  Generalforsamling Sambygg
                Fellesmøte eigarstiftingar
  • 18.04.: Ocean Odyssey
               Avslutningsmiddag for Hanne Lokøy Misje
  • 19.04.-21.04.:  Landsmøte FrP