Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 24.

Ønskjer dialog om avtale med Gassco

Kommunestyret skal den 20. juni ta stilling til saka om trase langs Vestprosess-røyrleidning. Kommunedirektøren føreslår at det vert inngått avtale for å sikra økonomisk kompensasjon for eigedomar som vert råka av framtidig omsynssone. 
Les meir. 

- Dette er eit vellukka lokalsenter

Trond Helge Nyegaard er tydeleg på at Spildepollen er eit viktig senter for lokalbefolkninga. Nyegaard var ein av dei 20 deltakarane på innspelsmøtet om arealdelen til kommuneplanen på Spildepollen skule torsdag kveld. På onsdag møtte 40 personar opp på tilsvarande møte på Stranda skule.
Les meir. 

Ønskjer å etablera Framtidssamfunnet

Formannskapet drøfta tysdag oppfølgingssaka om Framtidssamfunnet og tilrår samrøystes at Framtidssamfunnet vert etablert frå hausten 2024 og at det formelt vert lagt til kommuneorganisasjonen og i oppgåveportefølja til næringssjefen. Andre saker; anskaffinsstrategi, busetjing mindreårige flyktningar og utbyggingsavtalar Ågotnes.
Les meir. 

Optimisme trass utfordringar

Formannskapet er samla til strategikonferanse om budsjett og ordinært møte i dag 11. juni. Både ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik fokuserte på moglegheitene til Øygarden kommune. Begge dei to leiarane viste til kommunebarometeret som viser at Øygarden har klatra fr0 140. plass til 79. plass frå 2022 til 2023. Barometeret er basert på 150 forskjellige indikatorar.
Les meir.

Sprengingsarbeid ved Straume Sjøfront og steinknuseverk på Kolltveit

I samband med tilkomstveg til arbeidsområdet på Straume, vert det gjennomført sprengingsarbeid frå torsdag 13. juni. På Kolltveit vert det i juni etablert steinknuseverk.
Les meir. 

- Miljøsertifisering er viktig

Torsdag denne veka overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Lønningen & Nilsen AS i Tellnes Næringspark. - Det er eit konkurransefortrinn å kunna føra opp at vi er miljøfyrtårnsertifisert, seier dagleg leiar og eigar Inge Fjæreide.
Les meir. 

Feiring for alle på Spildepollen

Det var full jubel då alle elevane på Spildepollen i føremidag var samla i fellesrommet for å feira at skulen deira nådde heilt til topps i MatteMaraton 2024. - Dette var gøy, og så er vi jo stolte, seier David Phong Benjamin. Spildepollen var ikkje åleine om suksessen. Dette året tapetserte skulane i Øygarden lista på landsbasis.
Les meir. 

Varslingsprøve onsdag 12. juni klokka 12.00

Onsdag 12. juni klokka 12.00 gjennomfører politiet naudvarsel på varslingsanlegga til Sivilforsvaret og mobil i heile Noreg. Samstundes som det vert sendt ut naudvarsel på mobil, testar Sivilforsvaret tyfonane med «Viktig melding – søk informasjon». Testen vert gjennomført mellom klokka 11.55 og 12.00. Mobilen vil vibrera og spela av ein høg siréneaktig lyd i om lag 10 sekund.
Les meir. 

Sommarferieaktivitetar for barn og unge

Her finn du oversikt over ulike sommarferieaktivitetar for barn og unge i Øygarden. Aktivitetane er støtta av Øygarden kommune og tilskotsmidlar frå Bufdir. Det er maksimalt tre aktivitetar per barn for at flest mogleg skal få delta.
Les meir.