Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 25.

Vedtok tiltakspakke for god trafikkflyt

For å sikra god trafikkflyt i anleggsperioden for Sotrasambandet vedtok kommunestyret på torsdag at det skal gjennomførast ei rekkje tiltak internt og eksternt. Formålet med prosjektet er å få ein så god flyt i trafikken på vegane som mogleg i byggeperioden til Sotrasambandet. I dette ligg det eit mål om å få færre bilar på vegane som vert råka av prosjektet.
Les meir.

Bruk av heimekontor fungerer godt

- Eg gjer dette fordi eg har høve til det og at det reduserer køkøyring. Det seier advokat Cathrine Tvedt Lorentzen i eigedomsutvikling som jamt over arbeider heimafrå eín eller to dagar i veka. I går (20. juni) vedtok kommunestyret å løyva midlar til ei rekkje tiltak knytt til prosjektet «God flyt» der det er presentert 47 interne og eksterne tiltak som skal bidra til betre trafikkflyt under anleggsperioden for Sotrasambandet fram til juni 2027.
Les meir.

Ho vert næringssjef i Øygarden kommune

Marianne Furheim er tilsett som næringssjef i Øygarden kommune. Ho kjem frå stillinga som dagleg leiar i Straume Mesterbygg AS.
- I Marianne Furheim får vi ein dyktig næringssjef som kjenner både øygardssamfunnet og næringslivet her ute godt, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.

Hernar var eit sentrum på Vestlandskysten

Laurdag 22. juni vert band 4 til Øygarden bygdebok lansert. Denne utgåva handlar om gardar og slekter lengst nord i gamle Øygarden kommune. 
- I boka får vi mellom anna vita kor viktig Hernar var på Vestlandskysten i fleire hundre år, seier Kjell Alvheim som saman med Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø er forfattar av band 4.
Les meir.

Ramma av feil i fagsystem

Øygarden er mellom 14 kommunar som er varsla om at fleire forsendingar frå barnevernet ikkje har kome fram. Avviket vart oppdaga 13. juni, og leverandør av fagsystemet til barneverntenesta, Modulus Barn, Netcompany, sette i verk tiltak straks. Kommunane kartlegg no følgjene og får hjelp frå leverandør.  
Les meir.

Opna nytt reiskapslager i Porsvika

Onsdag føremiddag skar ordførar Tom Georg Indrevik over trossa som markerte opninga av det nye reiskapslageret for fiskarar i Porsvika.
- Dette betyr mykje for fiskarane, sa ordføraren. Det kommunaleigde lageret skal leigast ut kystfiskarar for lagring av utstyr.
Les meir.

Monica Johannesen Mørk vert barne- og familiesjef

Politiinspektør Monica Johannesen Mørk er tilsett som barne- og familiesjef i Øygarden kommune. Ho kjem frå stillinga som tenesteeiningsleiar på Bergen vest politistasjon. Barne- og familiesjefstillinga er nyoppretta etter ei omorganisering og har det øvste ansvaret for barne- og familieområdet i kommunen.
Les meir.

Høyring: Korleis skal barnehage- og skuletilbodet vera i framtida?

Det er no laga barnehage- og skulebruksplan for Øygarden kommune med tilråding til framtidig barnehage- og skulestruktur. Kom med innspel! Vi vil høyra kva du meiner! Planen vert lagt ut på høyring i perioden 20. juni til 30. september 2024.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (25)

  • 17.06.:  Interne møter
                 Møte med Sotra Sportssklubb
  • 18.06.:  Møte Vest Næringsråd om kø i trafikken
                 Generalforsamling Trigger AS
                 Avslutning Sotra vidaregåande skule
  • 19.06.:  Status møte med Bergen og Omland Friluftsråd
                 Opning av nytt reiskapslager i Porsvika
                 Møte med Climeworks
                 Avslutning/konsert Straume arbeidsverkstad
                 Avslutning Sotra vidaregåande skule yrkesfag
  • 20.06.:  Møte med styrelear Sotra Sportsklubb
                 Kommunestyremøte
  • 21.06.:  Møte med Panorama Hotel 
                 Møte med Knappen Sjø
                 Lunsj politisk leiing
                 Møte med Vest Næringsråd
  • 22.06.:  Lansering nytt band for bygdeboka for tidligare Øygarden kommune
                 Fire vigslar
  • 23.06.:  Hovudstyremøte KS, Oslo

Ordføraren neste veke (26)

  • 24.06.: Hovudstyremøte KS, Oslo
  • 25.06.:  Markering kreftsaka
                 Lunsj om mattilbod
  • 26.06.:  Møte med Vestland fylkeskommune om køsituasjonen
  • 27.06.:  Interne møte
                 Møte med byrådsleiaren
                 Møte om NAV Human