Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 26.

Grønamyrvegen er stengt

Måndag føremiddag (24. juni) vart Grønamyrvegen på Straume stengt for gjennomkøyring. Vegen vil i første omgang vera stengt i to veker fram til entreprenøren tek ferie. Dei som skal inn til parkeringsanlegget ved Obs og Lieco-bygget, må køyra inn frå nord. Det er i samband med arbeidet med å oppgradera Grønamyrvegen til gatestruktur at vegen må sperrast for gjennomkøyring.
Les meir. 

Tid for skifte

- Det viktigaste for meg har vore folka eg har fått arbeida saman med. Det seier Kaja C. Pedersen som hadde sin siste arbeidsdag i Øygarden kommune 21. juni. No skal ho over i Kriminalomsorga. I kommunalsjefområdet for Organisasjon og samfunnssikkerheit skjer det fleire endringar. Les meir om endringar innan HR og kompetanse.
Les meir.

Nokre kjem og nokre går

Også i år kjem det nye tilsette i skulen frå skulestart i august. Andre takkar for seg etter mange år som medarbeidar i kommunane vest for Sotrabrua. Her kan du lesa om rektorar som vert pensjonistar og om nytilsetjingar innan Oppvekst.
Les meir.

Sotrasambandet: Omkøyring ved Drotningsvik senter

I samband med etableringa av tunnelløp frå Stiavatnet i Drotningsvik, vert det mellombels omkøyring på riksveg 555 frå fredag 28. juni klokka 05.00. Omkøyringa er om lag 250 meter lang og strekkjer seg frå avkøyringa ved Drotningsvik senter i retning mot Bergen. Vegen vert tilbakeført til to felt i begge retningar.
Les meir. 

Arbeidet med Øygardskabelen 2 krev trafikkregulering

Statnett opplyser at i samband med arbeidet med Øygardskabelen vil det som hovudregel vil vera behov for trafikkregulering med lys på vegstrekninga fleire stader. Til vanleg vil det vera arbeid på fire-fem stader samstundes. Trafikkregulering er viktig for å ta i vare tryggleiken til dei som ferdast på strekninga og dei som arbeider i prosjektet.
Les meir. 

Meld deg på norskkurs på kveldstid

Øygarden vaksenopplæring tilbyr norskkurs på kveldstid i perioden 20. august – 20. desember 2024. Det er tilbod om kurs på to nivå; nybegynnarA1/A2 og vidarekomande mot B1. Det må vera minst 15 påmeldte deltakarar på kvart nivå for å starte opp med kurset.
Les meir. 

Opningstider, vakttelefonar og hjelpetelefonar i sommarferien

Treng du oss i sommar, finn du opningstid og kontaktinformasjon her. Vi ønskjer alle i Øygarden ei trygg og fin sommarferie.
Les meir. 

Desse har søkt rektorstillinga på Tranevågen

Fire søkjar har meldt seg til stillinga som rektor på Tranevågen ungdomsskule. 
Eín av dei har bustadadresse i Øygarden. 
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (26)

  • 24.06.: Hovudstyremøte KS, Oslo
  • 25.06.:  Markering kreftsaka
                 Lunsj om mattilbod
  • 26.06.:  Møte med Vestland fylkeskommune om køsituasjonen
  • 27.06.:  Interne møte
                 Møte med byrådsleiaren i Bergen
                 Møte om NAV Human

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (26)

  • 01.07.:  Sotra vidaregåande skule
  • 02.07.:  Tur til Hitsøy med Bergen og Omland friluftsråd
                 Møte i Bustadstiftinga
  • 03.07.:  Årsmøte i Vest Norsk Brusselkontor og generalforsamling i Vest Norsk Brusselkontor AS
                Møte i hovedutval for kultur idrett og inkludering i Vestland fylke
  • 04.07.:  Sotra vidaregåande skule