Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 27.

Ho har styrt med barnehagar i 43 år

- Eg gler meg over alle dei kompetente medarbeidarane, seier styrar i Stranda barnehage Sølvi Anita Schei som har arbeidd i barnehagar i 43 år. No er ho klar for pensjonisttilværet. Miriam Haugstad Blomvågnes tek over som leiar i Stranda barnehage frå august. Nytt innan barnehagefeltet er det også at frå 15. august vert Hamramyra barnehage og Ågotnes barnehage eín barnehage med namnet Ågotnes barnehage.
Les meir. 

- Middagskvil forlengjer livet

Jubilanten Karine Johanne Oddekalv er klar på kva som skal til for å passera 100 år.
- Ei god middagskvil og aktivitet har bidrege til at eg har oppnådd denne alderen, meiner den klartenkte Karine Johanne. Onsdag denne veka feira ho 100-årsdagen saman med vener på Fløirestauranten.
Les meir. 

Bli kjent med tiltak retta mot barn, unge og familiar!

Øygarden kommune presenterer i desse dagar ein publikumsmodul som viser tilboda som er retta mot barn, unge og familiar i Øygarden. La Linea er eit viktig verktøy i arbeidet med tidleg innsats og førebygging. Via denne modulen får kommunen oversikt og kan gje rett teneste og tiltak til rett person til rett tid.
Les meir. 

Dette skjedde første halvår 2024

I oppsummeringa for det første halvåret dette året kan du lesa om kulde i januar, debatt om kjernekraft, helikopterulukke, besøk til 100-åringar, opning av nytt reiskapslager i Porsvika og mykje anna.
Les meir. 

Riggar beredskapslager

Under koronepidemien vart det kjøpt inn store mengder med smittevernutstyr. Dette kjem godt med når styresmaktene har endra forskrift om beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid. Den siste tida har Thea Marthinussen hatt sommarjobb på lageret og telt på hundretusenvis av smittevernutstyr.
Les meir. 

Ho er tilsett som kultursjef

Marian Guddal Hansen (47) er tilsett som kultursjef i Øygarden. Ho er i dag HR- og administrasjonsleiar i Museum Vest.
- Eg ser fram til å vera med på laget til ein kommune som er framtidsretta og vil mykje, seier Guddal Hansen. Som kultursjef får ho det overordna ansvaret for avdelingane kultur, idrett og frivilligheit, kulturskulen, ung kultur og innbyggartorg og bibliotek.
Les meir.

Høyring: Korleis skal barnehage- og skuletilbodet vera i framtida?

Det er no laga barnehage- og skulebruksplan for Øygarden kommune med tilråding til framtidig barnehage- og skulestruktur. Kom med innspel! Vi vil høyra kva du meiner! Planen vert lagt ut på høyring i perioden 20. juni til 30. september 2024.
Les meir. 

Varsel oppstart - Detaljreguleringsplan for Energiparken Midt 

På vegne av NorDAC Kollsnes AS (forslagstillar) vert det varsla oppstart av planarbeid for Detaljregulering for Energiparken Midt - gnr. 240, bnr. 114 m.fl, ved Ljøsøybukta i Øygarden kommune.
les meir.