Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 28.

Øygarden får 1,7 millionar til pilot for nærtenestsenter

Øygarden kommune er plukka ut til å delta i eit treårig prosjekt der målet er å få på plass betre kontakt mellom brukarane av tenestene våre og statlege instansar. Innbyggartorget og biblioteket vil få ei sentral rolle i prosjektet. Kommunal- og distriktsdepartementet har løyvd 1,7 millionar kroner til prosjektet. Midlane kan gå til å dekkja dei nødvendige utgiftene til kommunen for å leggje til rette for statlege publumstenester.
Les meir.

Oppmodar om å ta kikhostevaksine

Ikkje alle vaksinar ein tek som barn gir vern heile livet. For nokre vaksinar er det behov for oppfriskingsdosar. Smittervernoverlege Bjørg Møllerløkken seier at alle vaksne vert tilrådd å ta  oppfriskingsdose med kikhostevaksine kvart 10. år. Dette ansvaret ligg på kvar enkelt.
Les meir. 

Nynorskkonferanse vert arrangert i Øygarden 

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, har avgjort at landstinget i 2025 skal arrangerast i Øygarden. Tinget vert halde på Panorama Hotell & Resort den 3. og 4. juni. Landstinget vert arrangert annakvart år. Styreleiar er ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad. 
– Me gler oss til å arrangera landstinget vårt i verdas mest folkerike nynorskkommune, Øygarden, seier dagleg leiar i Nynorskommunane (LNK), Svein Olav B. Langåker. 
Les meir. 

Lunsjseminar: Smarte reiser – betre trafikkflyt

Onsdag 18. september vert du invitert til gratis lunsjseminar der du kan få god kunnskap om korleis vi kan bidra til at trafikken flyt betre. På seminaret vil du få innføring i korleis samkøyringsappen Nabogo fungerer. Denne appen er blitt ein suksess og er eit bidrag til å redusera personbilar i trafikken. Dette vil igjen gje betre trafikkflyt. På seminaret vert det også gjeve status i prosjektet God flyt.
Les meir.

Her er oversikt over badeplassar i Øygarden

I Øygarden har vi seks offentleg tilrettelagde badeplassar, utstyrt med toalett, bord og benker, bosspann og offentleg ettersyn. Øygarden kommune tek bakterielle prøvar fem gonger i badesesongen (mai-september) av 10 badeplassar i kommunen i 2024.
Les meir.