Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 41.

Gav ros til fosterheimsprosjekt

Barne- og familieminister Kjersti Toppe likte det ho høyrde då ho besøkte barneverntenesta i Øygarden og fekk informasjon om fosterheimsprosjektet Zip-team.
- Eg er svært begeistra over måten de arbeider på, sa statsråden. Dette er eit utviklingsprosjekt i læringsnettverket til Statsforvaltaren i Vestland og er eit samarbeid mellom Øygarden kommune, Alver kommune og Bufetat ved fosterheimstenesta.
Les meir. 

Ein telefon kan bety ein viktig forskjell

10. oktober er verdsdagen for psykisk helse. I kampanjen dette året vert vi oppmoda om å setja av åtte minutt til å ringja nokon vi bryr oss om – kvar dag. I Øygarden vert det invitert til foreldremesse og Frode Thuen live på Sartor Storsenter 17. oktober frå klokka 12.00.
Les meir.

- Det er smart å få fagleg påfyll

To av dei tilsette på Straume- bu og servicesenter har teke etterutdanninga Praktisk implementering i regi av Verdighetsenteret. Astrid Geitle og Jeanette Eikeland seier at dei har fått den kompetansen dei trengte for å skapa gode endringsprosessar på arbeidsplassen sin. Praktisk implementering er ei etterutdanning der målet er å heva kompetansen til tilsette i eldreomsorga som jobbar med implementering i helsetenesta.
Les meir.

Statsbudsjettet: Omstillinga i Øygarden må gjennomførast

Framlegget til statsbudsjettet viser at Øygarden får ein vekst i frie inntekter (skatt og rammetilskot) på 6,1 prosent neste år. Dette er ein auke på 178 millionar kroner i forhold til i år.
- Vi gler oss over auka inntekter, men med tanke på alle utfordringane for Øygarden kommune i tida som kjem, må omstillingsarbeidet vidareførast med full styrke, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.

Kombinerte trening med føredrag

Sist veke vart det gjennomført ny samling på Mova der trening og tileigning av ny kunnskap gjekk hand i hand. 
- Vi opplevde god stemning med styrketrening, yoga og føredrag av professor Silje Mæland, seier prosjektleiar for nærværsprosjektet «Jobben gjer frisk», Benedicte Sletten Larsen. Tema for samlinga var kvinnehelse og sjukefråvær.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (41)

  • 07.10.-09.10.:  Brussel
  • 08.10.: Seniorarrangement
  • 11.-13.10.: Reise privat

Ordføraren neste veke (42)

  • 14.10:  Interne møte
                Møte med Liegruppen
                Møte med Sotra Sportsklubb
                Møte i ordførarnettverket til Høgre
  • 15.10.:  Synfaring på Straume 
                Klimapartner Toppmøte 
                Åpning av OTD
  • 16.10.:  KS Haustkonferansen 
                Opning av ny fabrikk Wastech
  • 17.10.:  KS Hausatkonferansen 
                Statsbesøk Lunsj
  • 18.10.:  Au – Høgre Digitalt 
                 Skuleløp Kreftsaka/TV-aksjonen, Skogsvåg skule 
                 Lunsj Bergen Næringsråd – Frontkommunane
                 Premiere Fjellkoret
  • 19.10.:  Opning av JOTI/Jota
                 Vigsel

Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (42)

  • 14.10.:  Interne møte
                 Møte med Sotra Sportsklubb
  • 15.10.:  Opning OTD
  • 16.10.:  Møte i kulturutvalet Vestland fylke
  • 17.10.:  OTD-messe
                Styremøte Det Vestnorske Teateret
  • 18.10.:  Styregruppemøte bærekraftige reisemål i Øygarden