Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 42.

- Eg slo rekorden frå i fjor

Malvin Wikholm Olsen (7. klasse) på Skogsvåg skule var godt nøgd med skuleløpet til inntekt for TV-aksjonen fredag føremiddag. Med 14 rundar slo han rekorden sin frå 2023. I tillegg til skuleløp var bruktmarknad ein del av «Prosjekt TV-aksjon» dette året.
Les meir. 

TV-aksjonen: Næringslivet slo til med ny rekord

Ho smiler frå øyra til øyra, rådgjevar Julia Valeska Woehlert i kultureininga, når ho skal presentera resultatet av ringerunden fredag føremiddag. 326 tusen kroner til TV-aksjonen på ei lita føremiddagsstund er imponerande og 107 tusen kroner meir enn i 2023.
Les meir. 

- Ønskjer å koma i kontakt med ungdom

Det var godt med folk i fotballhallen i Straume idrettspark på den første dagen på OTD Bergen 2024. Øygarden kommune har eigen stand saman med Vest Næringsråd. Dette er første gong den nytilsette næringssjefen Marianne Furheim deltek på OTD. Vi møtte henne saman med gode kollegaer i kommunen og Vest Næringsråd onsdag føremiddag.
Les meir. 

- Olje- og gassektoren er nøkkelen

Tysdag kveld entra ordførar i Øygarden, Tom Georg Indrevik, scena for markera OTD 2025 for offisielt opna. Ordføraren var tydeleg på at aktørane i denne næringa representerer framtida og det grøne skiftet. Den offisielle opninga var på eit hotell i Bergen sentrum. Men det er i Øygarden det skjer, anten det er snakk om OTD eller realiseringa av det grøne skiftet. Dagleg leiar, eller på fint Co-Owner OTD AS, Odd Eide Knudsen, var optimistisk med tanke på kor mange som vil finna vegen til Sotra Arena og dei andre tilgjengelege hallane på Søre Straume onsdag og torsdag.
Les meir. 

Ønskjer tettare samarbeid med fylkeskommunen

Ungdomsrådet behandla tysdag sak om utgreiing av etablering av fleire plassar for alternativ opplæring i skulen. I eit tilleggspunkt ber ungdomsrådet om at det bør leggjast til rette for tettare samarbeid med fylkeskommunen for å sikra god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande skule for elevar som har delteke på alternativ opplæringsarena.
Les meir. 

Likar du å synga songane til Hallaisiken? Går du på mellomtrinnet?

Då er du invitert til å vera med på seminar og konsert med Hallaisiken 16. og 17. november. Møte opp laurdag 16. november kl. 11.00 - 16.00 og sundag 17. november kl. 15.00 - 18.00 i kultursalen, Øygarden rådhus, Straume.
Les meir. 

Her kan du koma med innspel om bygdene

Du kan framleis komma med innspel om kva som er viktige verdiar vi må ta vare på for framtida i di bygd eller staden du bur. Frist for å koma med innspel er 23. oktober 2024.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (42)

  • 14.10:  Interne møte
                Møte med Liegruppen
                Møte med Sotra Sportsklubb
                Møte i ordførarnettverket til Høgre
  • 15.10.:  Synfaring på Straume 
                 Klimapartner Toppmøte 
                 Åpning av OTD
  • 16.10.:  KS Haustkonferansen 
                 Opning av ny fabrikk Wastech
  • 17.10.:  KS Hausatkonferansen 
                 Statsbesøk Lunsj
  • 18.10.:  Au – Høgre Digitalt 
                 Skuleløp Kreftsaka/TV-aksjonen, Skogsvåg skule 
                 Lunsj Bergen Næringsråd – Frontkommunane
                 Premiere Fjellkoret
  • 19.10.:  Opning av JOTI/Jota
                  Vigsel

Ordføraren neste veke (43)

  • 21.10.:  Interne møte
                Innlegg for HV09
  • 22.10.:  Opning av Pyttane parkeringsplass
                 Innlegg på møte med parkering på Askøy
  • 23.10.:  Konferanse KPMG Helsepersonell
                 Besøk/orientering – Sartor Storsenter
  • 24.10.:  Besøk frå barnehage
                Status heildøgnsplassar
  • 25.10.-27.10.: Reise privat

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (42)

  • 14.10.:  Interne møte
                  Møte med Sotra Sportsklubb
  • 15.10.:  Opning OTD
  • 16.10.:  Møte i kulturutvalet Vestland fylke
  • 17.10.:  OTD-messe
                 Styremøte Det Vestnorske Teateret
  • 18.10.:  Styregruppemøte bærekraftige reisemål i Øygarden

Varaordføraren neste veke (43)

  • 21.10.:  Interne møte
                 Klageutval
                Gruppemøte
  • 22.10.:  Opning av Pyttane parkeringsplass
                Årsmøte MOT
                Møte rådhuset
  • 23.10..27.10: Privat reise