Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 43.

Parkeringshus kan verta erstatta av heildøgnplassar

Plan- og miljøutvalet tilrår at parkeringshuset og tomta ved Fjell sjukeheim vert gjort om til areal for heildøgnplassar. I første byggjetrinn er det lagt opp til 80 heildøgn omsorgsbustader/sjukeheimsplassar. I tilrådinga heiter det at kommunen utlyser ein pris- og designkonkurranse med  funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka. 
Les meir.

57,6 millionar kroner frå Havbruksfondet

Øygarden kommune får utbetalt 57,6 millionar kroner frå Havbruksfondet i 2024. Dette er 36,6 millionar kroner meir enn budsjettert. Kommunedirektør Johnny Breivik gler seg over at utbetalinga vart vesentleg høgare enn budsjettert. Havbruksfondet fordeler inntekter til kommunar og fylkeskommunar frå vekst i oppdrettsnæringa og inntekter frå avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure.
Les meir. 

Første episode av podkasten Rådhuset er klar

Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å vera gjest i den første episoden av Rådhuset som vart lansert fredag føremiddag. Etter den offisielle opninga av podkasten, snakka han om dei fem første åra for Øygarden kommune.
Les meir.

Samarbeid har gjeve etterlengta parkeringsplass

Tysdag føremiddag kunne glade brukarar, grunneigarar, elevar og kommunefolk gle seg over at parkeringsplassen på Ekrhovda er på plass. Ordførar Tom Georg Indrevik klipte i snora godt hjelpt av elevane Emilie og Jonas i tredje klasse på Kolltveit skule. Den nye parkeringsplassen vil forbetra trafikktryggleiken i området og gjera det langt lettare for turgåarar å koma seg til Pyttane og Liatårnet frå austsida.
Les meir.

LivOGLyst – eit program for lokalsamfunnsutvikling i Vestland

LivOGLyst er eit program for innbyggjarar i Vestland fylke som vil skapa nytt engasjement, trivsel og aktivitet i lokalsamfunna sine. Programmet gir kompetanse innan lokalsamfunnsutvikling og økonomisk støtte til mobilisering og aktivitetar. Søk om å bli med i programmet med eit LivOGLyst-prosjekt innan 1. november.
Les meir.

Rekordinnsamling i Øygarden

Pr. 24. oktober var det totalt samla inn 2,43 millionar kroner til TV-aksjonen frå Øygarden. Dette er ein kraftig auke frå året før. I kontantar kom det inn om lag 290 tusen kroner. Det er registrert om lag 324 tusen kroner i digitale bøsser som spleis. Seks skular og eín barnehage i Øygarden har delteke i Spleis. 
Les meir.

Fagverkstad førebuande opplæring for vaksne (FOV

Måndag 21.oktober, arrangerte avdelingsleiar Ragnhild Hareide Breivik, fagverkstad på Vaksenopplæringa. 27 motiverte lærarar og leiarar frå Alver, Austevoll, Osterøy, Askøy og Øygarden kommunar møtest for erfaringsutveksling og fagleg oppdatering.
Les meir. 

Kompetansehevande tiltak er viktig i møte med auka tal personar med demens

Regelmessig deltek tilsette i heimetenesta og i institusjonane med heildøgns omsorg i Øygarden kommune, i Demensomsorgens ABC- opplæringa. ABC-opplæringa er eit kompetansehevande tiltak for tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester som gjev oppdatert kunnskap om demenssjukdomar, demensforløpet og personsentrert omsorg.
Les meir.

Kjøp eitt vinterdekk, få det andre gratis

Er du klar for vintersykling? I samarbeid med lokale aktørar piggar Miljøløftet opp sykkelen din for vinteren 2024/25. Stadig fleire ønskjer å sykla heile året, og når vinteren kjem, er det viktig å vera førebudd. Då treng du piggdekk.
Les meir. 

Bildøyna: Manuell dirigering om kvelden og natta

I samband med grave og sprengingsarbeid langs riksveg 555 Skjergardsvegen, vert det manuell dirigering om kvelden og natta på Bildøyna i veke 44 og 45 (frå 28. oktober).
Les meir.
 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (43)

  • 21.10.:  Interne møte
                 Innlegg for HV09
  • 22.10.:  Opning av Pyttane parkeringsplass
                  Innlegg på møte med parkering på Askøy
  • 23.10.:  Konferanse KPMG Helsepersonell
                 Besøk/orientering – Sartor Storsenter
  • 24.10.:  Besøk frå barnehage
                 Status heildøgnsplassar
  • 25.10.-27.10.: Reise privat

Ordføraren neste veke (44)

  • 28.10.:  Interne møte
                 Møter om DAC-anlegg (karbonfangst frå luft)
                 Møte om Straume Sjøfront
  • 29.10.:  Formannskapsmøte
                 Middag med næringskomiteen på Stortinget
  • 30.10.:  Lunsj med Kommandanten på Bergen Hus 
                 Busstur med næringskomiteen - besøk til Northern Lights og Liegruppen
  • 31.10.:  Kommunestyremøte
  • 01.11.:  AU – Høgre digitalt 
                 Møte i Bergensalliansen

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (43)

  • 21.10.:  Interne møte
                 Klageutval
                 Gruppemøte
  • 22.10.:  Opning av Pyttane parkeringsplass
                 Årsmøte MOT
                 Møte rådhuset
  • 23.10..27.10: Privat reise

Varaordføraren neste veke (44)

  • 28.10.:  Interne møte
                 Dialog om Straume sjøfront
                 Styremøte Bymuseet
  • 29.10.:  Formannskapsmøte
                Gruppemøte
  • 30.10.:  Lunsj med kommandanten
  • 31.10..  Kommunestyremøte
  • 01.11..  Sotra VGS