Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 44.

Øygarden får 30,8 millionar ekstra

- Det er kjempebra at vi får kompensert for skattesvikt og kostnadsauke vi har opplevd over tid. Det seier kommunedirektør Johnny Brevik etter at regjeringa vil gje kommunane fem milliardar kroner ekstra i 2024 og tilsvarande i 2025. Forslaget vert fremja i nysaldert budsjett i november. Øygarden kommune får 30,8 millionar kroner i 2024. I tillegg kjem ei tilsvarande ekstraløyving i samband med budsjettet for 2025.
Les meir.

Budsjett 2025: Befolkningsendringa får konsekvensar

- Øygarden kommune må oppdatera barnehage- og skulestrukturen og laga plan for utvikling av eldreomsorga. Det sa kommunedirektør Johnny Breivik då han torsdag ettermiddag presenterte budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025-2028. Han viste til at det er tronge tider for kommunane og at stadig fleire kommunar truleg vil hamna på Robek-lista). 
- Øygarden skal ikkje vera på den lista, sa kommunedirektøren.
Les meir. 

Vil byggja heildøgnsplassar på Straume

Kommunestyret vedtok torsdag samrøystes at parkeringshuset og tomta det står på ved Fjell sjukeheim, vert gjort om til areal for heildøgnsplassar. Kommunen utlyser ein pris- og designkonkurranse med funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka. Kommunestyret godkjente også områdereguleringsplan for Eide og klaga på vedtak i fylkesutvalet om båtrute til Geitanger.
Les meir. 

Evakuerte bebuarar etter røykutvikling

Ni bebuarar på Fjell sjukeheim vart evakuerte etter røykutvikling tysdag kveld. Rundt klokka 22.30 kunne personalet starta arbeidet med å flytta bebuarane tilbake til romma sine. Det var ikkje meldt om at personar er skadde. Det har ikkje oppstått brann på bygget, men røykutvikling. Brannvesenet gjennomførte tekniske undersøkingar.
Les meir. 

Nynorskfolk besøkte Øygarden

- Det var ein opptur å koma til Øygarden. Det sa skulemålsskrivar Ingar Arnøy i Noregs Mållag då han saman med lokale mållagsfolk besøkte Øygarden kommune fredag 1. november. Besøket er ein del av Nynorskstafetten der målet er å læra om kvardagen til nynorskkommunane.
Les meir.

Kraftig nedbør på torsdag

Det er vart ut oransje farevarsel om svært mykje regn på Vestlandet torsdag 31. oktober. Det var meldt om størst mengder nedbør i midtre og indre strok. I vårt område var det meldt om gult farenivå og at det kan koma mellom 60 og 100 millimeter regn i løpet av døgeret.
Les meir. 

Kommandantbesøk i Øygarden

Onsdag besøkte kommandant på Bergenhus festning, Erik Alf Bøe, Øygarden kommune. 
- Som kommandant har eg ei fasilitatorrolle og kan knyta nettverk, seier han.
Det var ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Anita Garlid Johannessen og kommunedirektør Johnny Breivik som hadde lunsjmøte med kommandanten.
Les meir. 

Støttar skisse for drift av Fjell festning

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune sluttar seg til skisse for vidare drift av Fjell festning. Dette inneber at stiftinga Fjell festning held fram med nye vedtekter. Øygarden skal ta eit større ansvar for drift og utvikling av området, og stiftinga og kommunen inngår i fellesskap avtale med ein profesjonell museumsaktør som skal driva og utvikla museumsverksemda.
Les meir

Ny podkastepisode: Øygarden som reisemål

Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, er gjest i episode to i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss. Podkastenepisoden vart lansert fredag morgon.
Les meir.

Krevjande oppvisningskamp

I samband med at Sotra Volleyballklubb spelte 8. delsfinale i noregsmeisterskapen, var politikarar og administrasjonen inviterte til å spela nokre sett saman med trimgruppa til klubben.  Kultursjef Mariann Guddal Hansen, formannskapsmedlem Andreas Kallekleiv og leiar for levekårsutvalet Ernst M Einarsen hadde teke imot utfordringa og stilte spente og litt bekymra opp på bana.
Les meir. 

Les med meg

Velkommen til samling på innbyggartorget og biblioteket på Rong 7. november kl. 17.30 - 18.45, der du får inspirasjon til høgtlesing med barnet ditt.  Her får du gode tips til bøker, besøk og høgtlesing av forfattar Travis Peterson. PPR vil snakke litt om språkutvikling og språkfremjande aktivitetar.  Vel møtt!
Les meir. 

Utlysing av konkurranse om ettersøk av fallvilt i Øygarden kommune

Vilt som vert skadd eller døyr av andre årsaker enn ordinær jakt går under samlebeteikninga fallvilt. Handtering av fallvilt er ei kommunal oppgåve, og etter viltlova med tilhøyrande forskrifter har kommunen ansvar for ivaretaking av fallvilt.
Les meir.

Framleis behov for husvære til utleige og møblar

Øygarden kommune vil ha behov for å leige inn private husvære for å sikre nok bustader til flyktningane frå Ukraina. Vi tek også imot møblar som du kan donera bort.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (44)

  • 28.10.:  Interne møte
                 Møter om DAC-anlegg (karbonfangst frå luft)
                 Møte om Straume Sjøfront
  • 29.10.:  Formannskapsmøte
                 Middag med næringskomiteen på Stortinget
  • 30.10.:  Lunsj med Kommandanten på Bergen Hus 
                 Busstur med næringskomiteen - besøk til Northern Lights og Liegruppen 
  • 31.10.:  Kommunestyremøte
  • 01.11.:  AU – Høgre digitalt 
                 Møte i Bergensalliansen

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (44)

  • 28.10.:  Interne møte
                 Dialog om Straume sjøfront
                 Styremøte Bymuseet
  • 29.10.:  Formannskapsmøte
                 Gruppemøte
  • 30.10.:  Lunsj med kommandanten
  • 31.10..  Kommunestyremøte
  • 01.11..  Sotra VGS