Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 45.

Aldri igjen!

Markeringa av krystallnatta i lokala til Imf Straume hadde eit alvorspreg over seg og ei påminning om at antisemittismen er ein realitet. Hovudtalar Jan Benjamin Rødner hadde «Aldri igjen!» som overskrift og gjennomgangsutrykk. Varaordførar Anita Garlid Johannessen sa at ho ikkje klarer å forstå hatet mot jødane.
Les meir.

- Øygarden har ei viktig rolle i klimakampen

Næringsminister Cecilie Myrseth var tydeleg på at Øygarden har ei sentral rolle i klimakampen og det grøne skiftet. Det var ho som starta det heile då 360 deltakarar var samla på Panorama Hotell & Resort fredag. Øygarden kommune markerte seg også sterkt på det viktigaste møtepunktet for næringslivet i vest.
Les meir.

Biomega Norway vart Årets bedrift

- Gjennom forsking og teknologiutvikling bidreg bedrifta til berekraftig utnytting av marine ressursar. Det heiter det frå juryen i Vest Næringsråd og Nordea då dei kåra Biomega Norway som Årets bedrift 2024 på årsfesten i etterkant av Øygardskonferansen fredag. Årets fyrtårn gjekk til Ingvild Skorpen Bøge på Porsvika 125, medan Per O. Lie fekk heiderspris.
Les meir. 

Imponert over samarbeidet med store aktørar

- De ha klart å byggja ut industri i krevjande terreng. Det seier borgarmeister i venskapsbyen, Krosno i Polen, Diotr Przytocki, etter eit tre dagar langt besøk i Øygarden kommune.
Les meir. 

Tilrår å prosjektera skule på Møvika

Levekårsutvalet tilrår nokre endringar av framlegget til barnehage- og skulebruksplan for 2024-2040. Mellom anna tilrår utvalet at det vert prosjektert ny barneskule på Møvika. Når det gjeld ny skule på vestsida tilrår levekårsutvalet at det skal arbeidast vidare med prosjektering av ny barneskule på Møvik til erstatning for Ulveset og Skålevik skular med mål om ferdigstilling i 2029.
Les meir. 

Jo, eg er glad for prisen

Sverre Sangolt fekk onsdag kveld overrekt kulturminneprisen til Sund sogelag.- Eg er sjølvsagt glad for å få ein slik pris, seier prisvinnaren. Oljearbeidar og fiskarbonde Sverre Sangolt får prisen for sin framståande innsats i å ta vare på kulturminna i Sund og vidfemnande og langvarige arbeid med formidling og fysiske tiltak innan kulturvern.
Les meir. 

Ny kommuneapp gjev oppdatert trafikkinfo

Fredag 8. november lanserer Øygarden kommune ein ny og gratis app som mellom anna gjev deg oppdatert informasjon om trafikkflyten på 10 strekningar.
- Vi håpar at flest mogleg lastar ned appen. Dette vert eit viktig bidrag i arbeidet med å sikra god trafikkflyt, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir. 

Vi tar pulsen på Øygardskonferansen

I denne episoden har vi flytta mikrofonane til Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 8. november. Overskrift for konferansen er Vidsyn, vilje og visjon. Vi snakkar med foredragshaldarar, deltakarar og arrangøren Vest Næringsråd. Blant gjestene er næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og partileiar i Høgre, Erna Solberg. Episoden vert lansert fredag ettermiddag før konferansen er avslutta.
Les meir. 

Ønskjer eigne retningslinjer

Eldrerådet ber om at det vert utarbeidd ei eiga sak der det vert utarbeidd eigne retningslinjer for tildeling av omsorgsbustader. Retningslinjene må vera meir omfattande enn dei som ligg på nettsidene til kommunen i dag. Det var i samband med saka om retningslinjer for tildeling av kommunal bustad at denne uttalen vart vedteken. 
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka

  • 04.11.:  Interne møte
                 SPV Handlekraft
                 Norsk Shell, seminar
  • 05.11.:  Miljøløftet 
                 Plankonferansen 
  • 06.11.:  Interne møte
  • 07.11.:  Hovudstyret KS, Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
                 Middag Polsk delegasjon 
  • 08.11.:  Øygardskonferansen 
                  Årsfest Vest Næringsråd
  • 09.11.:  Polsk delegasjon middag og dialog 
  • 10.11.:  Sentralstyret i Høgre Oslo  

Ordføraren neste veke (46)

  • 11.11.:  Sentralstyret i Høgre
  • 12.11.:  Kommunalutvalet 
  • 13.11.:  Besøk av Kong William av Nederland
                Opning Sotra Fiskeindustri 
  • 14.11.:  Innlegg SINTEF Hav-konferansen 
                 Eigarmøte Eviny
  • 15.11.:  Årsarr, Bergen Næringsråd
                 Middag Bergen Næringsråd