Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 46.

Kongebesøk til Northern Lights

Onsdag føremiddag besøkte kongen av Nederland Willem-Alexander Northern Lights i Energiparken i Øygarden. Det vart også tid til besøk på hydrogenanlegget til Zeg Power. 
- Han fekk eit godt inntrykk av Øygarden, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.

- De har grunn til å vera stolte

Det var invitert til fest på Sotra Fiskeindustri onsdag for å markera utviding av filetproduksjonshallen og ny moderne fileteringsmaskin. Det er investert for 70 millionar kroner. Ordførar Tom Georg Indrevik fekk æra av å klippa snora for den utvida produksjonshallen.
Les meir. 

Vil presisera oppgåvene til samarbeidsutvala

- Ikkje alle samarbeidsutvala har forstått oppgåvene sine heilt. Det sa leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, i saka om lokale forskrifter om skulereglar, skuledemokrati og hovudmål for skular i Øygarden kommune. Han fekk tilslutnad til eit forslag om å presisera kva samarbeidsutvalet bør uttala seg om.
Les meir.

Vil ikkje avslutta sak om fastlandssamband

Plan- og miljøutvalet tilrådde samrøystes på torsdag å be om få tilbake ei sak om fastlandssambandet Lerøyna/Bjelkarøyna-Hjellestad i første kvartal 2026. Ifølgje utvalet vil dette gje tid for avklaringar som kan vera relevante for vidare utvikling i saka.
Les meir. 

Kva bør vi ta vare på og kva bør utviklast?

Kommuneplanutvalet var samla til arbeidsmøte tysdag denne veka. På dette møtet skulle politikarane reflektera over og døfta kva som er viktig kunnskap og kva verdiar ein bør ta med seg i det vidare arbeidet med strategiar og prinsipp for lokalsentera og kommunedelsentera. Medlemene av utvalet gjennomførte gruppearbeid i to bolkar og baserte det på landskapsanalyse, strandsonekartlegging, naturverdiar, friluftsverdiar og landbruksverdiar.
Les meir. 

Nytt køyremønster ved Storavatnet frå januar

Frå og med januar vert det endringar for trafikken ved Storavatnet. I første omgang er det Askøytrafikken som får endra køyremønster. Dette køyremønsteret vil vara fram til sommaren 2025.
Les meir.

Folkemøte om 420 kV kraftlinje 

Den 19. november iniviterer NVE til folkemøte om den planlagde kraftleidninga mellom Samnanger og Øygarden. Møtet vert halde på Torsvikhuset og tek til klokka 19.00.
Les meir.

To månader igjen til Yrkesmessa 2025

Tysdag 14. januar vert alle 10. klassingane i Øygarden inviterte til Yrkesmessa i Sotra Arena. Dette er ein viktig møteplass for dei som treng gode råd og tips om utdannings- og yrkesval. - Merk deg denne datoen, seier leiar av magasinkomiteen, Astrid Aag.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (46)

  • 11.11.:  Sentralstyret i Høgre
  • 12.11.:  Kommunalutvalet 
  • 13.11.:  Besøk av Kong William av Nederland
                 Opning Sotra Fiskeindustri 
  • 14.11.:  Innlegg SINTEF Hav-konferansen 
                  Eigarmøte Eviny
  • 15.11.:  Årsarr. Bergen Næringsråd
                 Middag Bergen Næringsråd

Ordføraren neste veke (47)

  • 18.11.:  Interne møte
                 Politirådsmøte
  • 19.11.:  Havbruksseminar
                 Formannskapet
                 Folkemøte Statsnett
  • 20.11.:   Møte i Bergensalliansen
  • 21.11.:  Ikkje til stades
  • 22.11.:  Møte om mobilitet
  • 24.11.:  Opning av julemarknad på Glesvær

Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (47)

  • 18.11.:  Interne møte
  • 19.11.:  Frå fjære til framtid, møte på Liaskjeret
                 Formannskapsmøte
                 Styremøte Bustadstiftinga
  • 20.11.:  Møte i Bergensalliansen
  • 22.11..  Sotra VGS
                Oppsummering Krosno
  • 23.11..  Fem vigslar