Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 47.

Legg sak om budsjett ut på høyring

Det vart lagt fram eitt endringsforslag til budsjett og økonomiplan på formannskapsmøtet på tysdag. Forslaget, som kom frå Høgre, Sotralista-TVØ, Frp, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet, vart ikkje realitetsbehandla og vert rekna som innspel i saka.
Les meir.

600 nye elevar i kulturskulen

Effekten av tilleggsløyvinga på 900 tusen kroner i 2024-budsjettet til kulturskulen har resultert i at nærare 1 200 elevar har delteke på kurs i kulturskulen dette året.
- Dette er eg svært godt nøgd med, seier rektor på kulturskulen Bjørn Andersen. Kommunestyret løyvde 900 tusen kroner ekstra i budsjettet for dette året for å få fleire elevar i kulturskulen.
Les meir.

No er skulen som før

Elevane, foreldra og dei tilsette gler seg over at Rong skule er fullt ut rehabilitert etter brannen 25. mai. På måndag var kommuneleiinga på synfaring etter at heile skulen har vore i bruk sidan den første dagen etter haustferien, 14. oktober.
Les meir. 

Nedgang i folketalet tredje kvartal 2024

For første gang sidan vi vart ny kommune har vi hatt eit kvartal med nedgang i folketalet. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). I løpet av tredje kvartal 2024 vart vi 62 færre innbyggarar. Hovudårsaka til nedgangen dette kvartalet er netto innanlandsk utflytting.
Les meir. 

Styrkjer kompetansen i velferdsteknologi

- Det var masse nyttig kunnskap og ekstra kjekt å bli kjend med kollegaene våre på tvers av avdelingane. Det seier rådgjevar på Aksjonssenteret på Øygarden lokalmedisinske senter, Liv-Hanne Skoge etter kurs i Velferdsteknologiens ABC. 10 medarbeidarar frå ulike avdelingar har no oppnådd kompetansebevis i Velferdsteknologiens ABC.
Les meir. 

Ser på moglegheiter i Øygarden

Onsdag 13. november var Norsk Kjernekraft med gjestar på tur i Øygarden for å sjå på moglege lokasjonar for kjernekraft. Svein Otto Jacobsen frå Frp og utvalsleiar i kommuneplanutvalet, hadde i anledninga invitert gruppa til lunsj på rådhuset.
Les meir. 

Kva er sant og kva er usant?

Me er i ein postfaktuell tid - tida etter fakta. Temaet Bergen Næringsråd sette på agendaen for årets konferanse fredag 15. november er viktig. Trine Eilertsen frå Øygarden, sjefsredaktør i Aftenposten og Gard Steiro frå Askøy, ansvarleg redaktør i VG, loste deltakarar og ein rekke bidragsytarar på scena, gjennom dagen.
Les meir. 

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (47)

  • 18.11.:  Interne møte
                 Politirådsmøte
  • 19.11.:  Havbruksseminar
                 Formannskapet
                 Folkemøte Statsnett
  • 20.11.:  Møte i Bergensalliansen
  • 21.11.:  Ikkje til stades
  • 22.11.:  Møte om mobilitet
  • 24.11.:  Opning av julemarknad på Glesvær

Ordføraren neste veke (48)

  • 25.11.:  Interne møte
                 Møte med Algrøy vel
  • 26.11.:  Equinor
                 Nabomøte Equinor Kollsnes og Stura
  • 27.11.-29.11.: EØS/EFTA-form i Brussel

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (47)

  • 18.11.:  Interne møte
  • 19.11.:  Frå fjære til framtid, møte på Liaskjeret
                 Formannskapsmøte
                 Styremøte Bustadstiftinga
  • 20.11.:  Møte i Bergensalliansen
  • 22.11..  Sotra VGS
                 Oppsummering Krosno
  • 23.11..  Fem vigslar