Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 50.

Positiv til demonstrasjonsanlegg for havvind

Plan- og miljøutvalet (PMU) meiner at forenkla konsekvensutgreiing og forslag til utgreiingsprogram for demonstrasjonsanlegg for havvind vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare konsesjonssøknad. Utvalet stiller seg dermed positiv til prosjektet og innhaldet i meldinga. PMU var samla til møte torsdag denne veka.
Les meir.

Støttar forslag om nye heildøgnsplassar 

Levekårsutvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår at vert bygd inntil 80 nye heildøgns omsorgsplassar i form av sjukeheim på allereie vedteke område ved Fjell sjukeheim.  Etter framlegg frå Ernst Einarsen (H) på møtet onsdag denne veka tilrådde utvalet samrøystes at sjukeheimsplassane skal tilfredsstilla dagens krav for å kunna ta hand om brukarar med særs krevjande tilstandar.
Les meir.

- Ønskjer kontakt med folk i lokalsamfunnet

Kommuneplanutvalet fekk tysdag denne veka presentert innhaldet i ein rapport (kunnskapsgrunnlag) om kva verdiar og kvalitetar innbyggjarane vil at vi skal ta vare på i bygdene i Øygarden.  Det er kome inn 57 enkeltinnspel og 25 e-postar/gjestebod-innspel. Det også gjennomført barnetråkk i fire skular der 101 elevar deltok.
Les meir.

- Bidreg til å redusera miljøavtrykket

Torsdag denne veka overrekte ordførar Tom Georg Indrevik miljøfyrtårnsertifikat til Øygarden Elektriske på Ågotnes.
- Vi har god støtte frå elektrikarkjeda Elkonor, seier dagleg leiar Jim Rune Vågheim. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir.

Verdens verste forfattarbesøk

Skulebibliotek-tenesta har på prosjektmidlar utvikla ein lesekonkurranse for 6. trinn i kommunen, der dei tidlegare i haust leste seg gjennom Øygarden kommune. 1. premien var eit valfritt forfattarbesøk, og 6B på Landro skule var dei heldige vinnarane. I tillegg til vinnarklassen inviterte Øygarden innbyggartorg og bibliotek resten av 6. klassene til å få oppleva besøket, der førstemann til mølla fekk koma.
Les meir.

Tekniske problem på rådhuset

Måndag føremiddag oppstod det tekniske problem på rådhuset. Eit straumbrot førte til at datasystemet vart ramma. Det vart etablert ei nødløysing for å sikra at datasystema fungerer. Om kvelden var straumen tilbake på heile rådhuset.
Les meir.

Kandidatar til Drømmestipendet

Øygarden kommune har nominert 4 gode kandidatar til Drømmestipendet. Alle 4 kandidatane har vakse opp i dagens Øygarden og fått sitt kunstnarlege fundament i kommunen. 3. februar 2025 får vi svar på om nokre eller alle av våre søkarar vert tildelt Drømmestipendet for 2025.
Les meir.

Juleavslutningar på Ågotnes skule

Tradisjon tru har elevane på 1.-7. trinn på Ågotnes skule også dette året invitert til juleavslutning i Ågotneshallen. Elevar og lærarar har jobba, planlagt og øvd i vekevis. Framsyningane har vorte gjennomført med glans til ståande applaus og ovasjon frå stolte føresette.
Les meir.  

Podkastepisode 6: Sterke historier frå Telavågtragedien

- Eg blei berørt av dei personlege historiene. Det seier forfattar av den ferske boka Krigens fargar, Vivian Midttveit. Ho er gjest i episode seks i podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (50)

  • 09.12.:  Interne møte
                 Mottaking av Svidnik kommmune
                 Status for veg til Ebbesvika
  • 10.12.:  Møte med Statsforvaltaren
                  Deltek på karrieredag på Sotra VGS
  • 11.12.:  Interne møte
                 Middag med delegasjon frå Svidnik kommune, Glesvær
                 Kafe
  • 12.12..  Utdeling av Miljøfyrtårn
                 Møte med Svidnik kommune
  • 13.12.:  Møte KS hovudstyre Oslo 
                 CCB julelunsj

Ordføraren neste veke (51)

  • 16.12.:  Interne møte
                 Delegasjon Northern Light
                 Lunsj for politisk leiing
                 Gruppemøte 
  • 17.12.:  Møte i EEA/Efta
                 Jubileum Basecamp
                 Jubileum Aktiv+
                 Formannskapsmøte
  • 18.12.:  Kommunestyremøte
  • 19.12.:  Kommunestyremøte (budsjett)
  • 20.12.:  Møte med Northern Light

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (50)

Ferie

  • 09.12.:  Møte i Bymuseet
  • 11.12.:  Møte i Vestnorsk teater

Varaordføraren neste veke (51)

  • 16.12.:  Interne møte
                 Lunsj politisk leiing
  • 17.12.:  Formannskapsmøte
                 Gruppemøte
  • 18.12.:  Kommunestyremøte
  • 19.12.:  Kommunestyremøte