Vedtok budsjettet for 2025.
Litt før klokka 15 den 18. desember klubba ordførar Tom Georg Indrevik budsjett for 2025 og økonomiplan 2025-2028. Driftsinntektene er på om lag 3,6 milliardar, medan netto driftsresultat er budsjettert til om lag 31 millionar kroner i pluss. I 2025 skal det investerast for 228,3 millionar kroner.
Les meir.
Sotra legevakt til topps
Det var så mange gode kandidatar til arbeidsmiljøprisen 2024 at alle dei tre beste vart hylla på kommunestyremøtet på torsdag. Førsteprisen og 15 tusen kroner gjekk til Sotra legevakt. I kåringa vart MMNF Åttringen ein god nummer to og Tranevågen ungdomsskule nummer tre. MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne).
Les meir.
Leverer 65 matkassar til glade mottakarar
Det var full aktivitet i lokale til Tremorkirken på torsdag. Eit førtitals personar fylte opp matkassar som skal distribuerast til familiar i kommunen før helga. Inklusive 15 matkassar frå samarbeidspartnar Imf Straume, har Tremorkirken klargjort 65 matkassar som barneverntenesta skal levera til glade mottakar.
Les meir.
Førjulstid i barnehage: Tradisjonar er viktig
På Liljevatnet barnehage skjer det mykje kjekt i adventstida.
- Vi lagar gåver til mamma og pappa og søster Helene, seier Jakob (5) som går i den eldste avdelinga, Marihøne. På tysdag var alle samla til nissefest i gymnastikksalen. Den siste tida har barna drive med ei rekkje juleaktivitetar. Nissefest, Lucia-feiring og julegudsteneste høyrer med.
Les meir.
Skal byggja skule på Møvika
Kommunestyret vedtok onsdag tiltaka i barnehage- og skulebruksplanen for Øygarden kommune fram til 2028. Med 28 røyster vart endringsforslaget til Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet vedteke. Konsekvensen er mellom anna at Terna barnehage og Ulveset barnehage vert lagde ned frå hausten 2025.
Les meir.
Tilrår å ta imot 100 flyktningar i 2025
Formannskapet tilrår samrøystes at Øygarden kommune buset inntil 100 flyktningar i 2025. Med åtte mot tre røyster (Arbeidarpartiet og SV) tilrår formannskapet også å be kommunedirektøren koma tilbake med ein meir nøyaktig kalkulasjon av faktiske inntekter og utgifter i samband med flyktningarbeidet.
Les meir.
Opnar rundkøyring ved Liljevatnet
Fredag 20. desember vert den nye rundkøyringa ved Liljevatnet teken i bruk. Sotra Link skriv på nettsida at opninga markerer ein viktig milepåle for Sotrasambandet. Eitt køyrefelt vert stengt frå klokka 21.00 torsdag kveld for å klargjera for opning. Frå midnatt vert heile vegen stengt.
Les meir.
- Basecamp er ein suksess
Tysdag var det invitert til fest på Basecamp på Sartor Storsenter. Dei som helste til jubilanten var tydelege på at dette har vore og er ein suksess. Frå ein varsam start med eín tilsett i 2004, er det i dag 12 årsverk i dette felles førebyggjande tiltaket. Basecamp er eit diakonalt tiltak for ungdom mellom 13 og 25 år på Sartor Storsenter.
Les meir.
Alle ville jubilera saman med AKTIV+
Det var stinn brakke i ODEON Kino Sotra tysdag då AKTIV+ feira 10-årsjubileum. Dette aktivitets- og kulturtilbodet har hatt ein formidabel vekst sidan starten i 2014. Ordførar Tom Georg Indrevik var full av superlativar då han helste til alle dei frammøtte.
- Det heile starta med nokre visjonære leiarar i tidlegare Fjell kommune som utarbeidde prosjektet «Sjef i eige liv».
Les meir.
Bildøyvegen retning riksveg 555 vert stengt til 2028
Sotra Link melder at nordgåande påkøyringsfelt frå Bildøyvegen til riksveg 555 vert stengt til Sotrasambandet er fullført. Påkøyringsfeltet ut på riksveg 555 frå Bildøyvegen har vore stengt sidan juni. Feltet vert stengt ut 2028.
Les meir.
Slovakia ser til Øygarden
Dette skjer på bakgrunn av eit bilateralt prosjekt med kommunen Svidnik i Slovakia Øygarden kommune frå 9. til 12. desember. Delegasjonen på 14 representantar fekk sjå og høyra korleis Øygarden kommune arbeider innanfor ei rekkje felt, politikk og leiing, førebygging og beredskap, tverrsektorielt samarbeid og arbeidet til Øygarden kommune med å vere ein lærande organisasjon.
Les meir.
Søk om kommunale stipend
Innanfor ordninga kan det bli delt ut både større stipend, på opptil 150 000 kroner, og mindre stipend på mellom 10 000 og 50 000 kroner. For å oppnå dei større stipenda må ein kunne visa til resultat på høgt, helst internasjonalt nivå. Søkarar i aldersgruppa 15-30 år vil bli prioriterte.
Les meir.
Søkjer etter støttefamiliar, besøksheimar og andre ressurspersonar
Barneverntjenesten søkjer støttefamiliar, besøksheimar og andre ressurspersonar som kan involvere seg i livet til barn og familiar som treng det. Barneverntenesta skil mellom rein avlastning kor barnet er på besøk i ein besøksheim og involvering av fleire vaksne i kvardagen til barn og familiar med konkret definert rolle.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (51)
- 16.12.: Interne møte
Delegasjon Northern Light
Lunsj for politisk leiing
Gruppemøte - 17.12.: Møte i EEA/Efta
Jubileum Basecamp
Jubileum Aktiv+
Formannskapsmøte - 18.12.: Kommunestyremøte
- 19.12.: Kommunestyremøte (budsjett)
- 20.12.: Møte med Northern Light
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (50)
- 16.12.: Interne møte
Lunsj politisk leiing - 17.12.: Formannskapsmøte
Gruppemøte - 18.12.: Kommunestyremøte
- 19.12.: Kommunestyremøte