Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 11.

Semje om å få analysert økonomiske tiltak

Formannskapet vedtok tysdag samrøystes å få vurdert tiltak som reduserer kostnader og aukar inntektene. Konkret vart det vedteke at fleire område vert analysert og følgd opp med mål om å identifisera kostnadsreduserande tiltak og auka inntekter.
Les meir.

- Her er mykje kompetanse

Det var fest i lokala til den ny oppretta eininga, Familiehjelpa, i Blombakkane 2 under den offisielle opninga på onsdag. 
- Barnet er i sentrum, men vi må også hjelpa dei som er rundt barnet, seier einingsleiar Annette Henden. Målet til Familiehjelpa er å kunna tenesta er å kunna gje hjelp som kan bidra til at barn og unge i Øygarden har god psykisk helse og at dei opplever at dei høyrer til og kjenner på meistring i oppveksten.
Les meir.

Positiv dialog med kommunen

- Det var eit konstruktivt møte prega av ein open dialog. Vi er avhengige av eit godt samarbeid med kommunen. Det seier styreleiar i Sotra Sportsklubb, Svein Olav Sørensen, etter eit møte med Øygarden kommune måndag ettermiddag. Det var ordførar Tom Georg Indrevik som hadde invitert til møte med sportsklubben. Han ønskte å ta opp fleire tema med klubben.
Les meir. 

Systematisk arbeid med sjukefråvær gjev frukter

Administrasjonsutvalet fekk måndag presentert døme på at bevisst arbeid med sjukefråvær og nærvær gjev gode resultat. Einingsleiar på Fjell sjukeheim, Eivind Flem, og styrar på Skogsvåg barnehage, Else Glesnes, orienterte om tiltak som har gjeve positive resultat og redusert sjukefråvær. Einingsleiar på Sundheimen, Janne Thode, orienterte om samarbeidet med inkluderingsbedrifta Beredt.
Les meir.

Grunn til optimisme

- Reiselivet i Øygarden er blitt så stort og profesjonelt at det er grunnlag for å ha ei samling som dette. Det sa reiselivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland, då han snakka til hundre næringslivs- og reiselivsfolk i Odeon Kino Sotra på onsdag. På denne startsamlinga skulle sesongen for reiselivet i Øygarden sparkast i gang. Rundt 100 personar deltok på samlinga.
Les meir. 

Kontrollutvalet set samfunnstryggleik på dagsorden

Kontrollutvalet bestilte på møte sitt 13. mars ein prosjektplan for ei undersøking om samfunnstryggleiken og beredskapen i Øygarden. Bakgrunnen er ikkje minst den vanskelege tryggingspolitiske situasjonen internasjonalt, og måten dette påverkar også Noreg – og Øygarden.
Les meir.

- Eg er glad i bygda mi Emma

Emma Telle Fjell var ein av 23 elevar i dei tre tidlegare kommunane (Sund, Fjell og Øygarden) som i 2019 presenterte framtidstankane sine om den samanslåtte kommunen, Øygarden. No studerer ho marin teknikk på NTNU i Trondheim. No kan du sjå og høyra kva ho meiner fem år etter.
Les meir.

La leiken leve!

Dei leikar mykje i barnehagen. Det fekk formannskapsmedlemene erfara då 13 barn frå Læringsverkstedet barnehage Straume framførte leik, turn og dans på scena i forkant av formannskapet tysdag ettermiddag.
- Vi leikar sjukehus. Eg likar best å vera lege, seier Amalie Risholm før ho saman med 12 andre barn og vaksne i barnehagen skal opp på scena.
Les meir.

Offentleg ettersyn av framlegg til trafikktryggleiksplan 

Plan- og miljøutvalet vedtok i møte 6. mars 2025 å leggje framlegg til trafikktryggleiksplan for Øygarden kommune 2025 – 2029 på offentleg ettersyn. Frist for å sende inn merknad er sett til onsdag 30. april.
Les meir.

Invitasjon til samtalegruppe for pårørande til personar med demens

Er du pårørande til ein med demens-sjukdom?
I vår tilbyr Øygarden kommune samtalegruppe i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd med eit relasjonsbasert program for pårørande ved demens. Gjennom undervisning av ulike tema og reflekterande samtalar set vi saman søkelyset på å leva i ein uviss livssituasjon.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (11)

  • 10.03.:  Interne møte
                 Dialogmøte Sotra Sportsklubb
                 Gruppemøte
  • 11.03.:   Frukostmøte om arealplanen til kommuneplanen, Bergen
                  Møte med Rema
                  Formannskapet
  • 12.03..    Styringsgruppe Miljøløftet
                   Reiselivsarrangement
                   Møte med byrådsleiar og «Frontkommunane»
                   Arrangement med PWC
  • 13.03.-15.03.:  Deltek på årskonferansen til Moderaterna, Karlstad (                        Sverige)
  • 16.03.:  Jubileum Tremorkirken 20 år

Ordføraren neste veke (12)

  • 17.03.:  Interne møte
                Status for barnevernet
  • 18.03.   KS Vestland, digitalt frukostmøte
                 Eigarmøte Eviny
  • 19.03.:  Årsmøte i Norske petroleumskommunar
  • 20.03.- 23.03.:  Landsmøte Høgre, Gardermoen