
Skjermar fleire tiltak
Kommunestyret vedtok i dag (27. mars) ei rekkje kortsiktige innsparingstiltak på 2025-budsjettet. Vedtaket inneber mellom anna at musikkterapitilbodet, MO-senteret, friskliv og meistring og psykiatrisk dagsenter vert oppretthaldne. Eit fellesframlegg vart vedteke med 41 røyster. INP sine fire representantar røysta imot fellesforslaget.
Les meir.
Brei semje om tilråding til innsparing
Eit klart fleirtal i formannskapet har samla seg om ei tilråding til kommunestyret om kortsiktige innsparingstiltak i 2025-budsjettet. Politikarane ønskjer ikkje å ta vekk musikkterapitilbodet, MO-senteret, friskliv og meistring og psykiatrisk dagsenter.
Les meir.
Uroa over forslag til kutt i Helse og velferd
Eldrerådet drøfta tysdag saka om kortsiktige tiltak der det ligg forslag frå kommunedirektøren om å spara 73,3 millionar kroner i 2025. Rådet vedtok ein uttale der fem konkrete tiltak må skjermast dersom det vert gjennomført innsparingar innan Helse og velferd.
Les meir.
Vil skjerma svake grupper
Både råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) og ungdomsrådet ønskjer å skjerma svake grupper i kommunen. Begge råda behandla i dag saka om kortsiktige tiltak budsjett 2025.
Les meir.
35,8 millionar i utbytte frå Eviny
Øygarden kommune får eit utbytte på 35,8 millionar kroner frå energiselskapet Eviny i 2025. Øygarden kommune eig 3,43 prosent av selskapet, og i kommunebudsjettet for dette året er det lagt inn 40 millionar kroner i utbytte.
Les meir.
Nyttig møte mellom kommunen og statsorgan
Onsdag denne veka var fleire statlege organ på besøk i Øygarden for å drøfta planane for Eide næringsområde. Spesialrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Vestland, Nils Erling Yndesdal, seier at både ordføraren og andre representantar frå kommunen og fagfolka frå Statsforvaltaren gav gode og instruktive orienteringar i møtet. Etter ei samling på rådhuset, var det synfaring i det aktuelle området på Eide.
Les meir.
Klara Skoge 100 år: - Likte meg best bak disken
Jubilanten Klara Skoge vart feira med storfamilien på Øygarden lokalmedisinske senter i dag. Den spreke 100-åringen har eit rikt liv å sjå tilbake på. Ho var ein av initiativtakarane til det som i dag er Sartor Storsenter.
Les meir.
Rekordmange utstillarar viste seg fram
Laurdag var Sartor Storsenter nok ein gong prega av det frivillige arbeidet i kommunen. Med 33 utstillarar vart det sett ny rekord i tal utstillarar på frivilligdagen 29. mars. Nest Sotra vart vinnar i konkurransen av beste stand, medan Natteramnane og Sotra Sportsfiskere fekk delt andreplass.
Les meir.
Her jublar dei for beste utforma stand
Jubelen ville ingen ende ta då vinnarane av dei tre beste standane torsdag kveld vart kåra på Energimessa 2025. Vinnarane dette året vart Sotra vidaregåande skule, Kolltveit skule og Tjeldstø skule. Dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, var euforisk etter at vinnarane vart ropte opp på scena i ei støynivå som gav sus i øyro til mange av oss.
Les meir.
- Vi vil gjera det skikkeleg
B Telle Trearbeid AS og B Telle Eigedom fekk denne veka overrekt miljøfyrtårnsertifikat av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi må ha fokus på miljø og ta ansvar, seier Helene Sæbø Bergesen som har hatt jobben med å få på plass det som skal til for å verta sertifisert.
Les meir.
Bidreg til meir fokus på miljø
Onsdag denne veka fekk Specsavers Straume overrekt Miljøfyrtårn av ordførar Tom Georg Indrevik.
- Vi er oppmuntra av kjeda til å verta Miljøfyrtårn og får hjelp i form av kurs i sertifisering, seier dagleg leiar John Flodmo.
Les meir.
- Bruk den nye parkeringsplassen
I ekte vestlandsver kunne ordførar Tom Georg Indrevik måndag føremiddag opna den nye innfartsparkeringa på Ågotnes. Den nye parkeringsplassen har ein totalkapasitet på 161 plassar. Både ordføraren og fylkesvaraordførar Stian Davies oppmodar folk til å bruka innfartsparkeringsplassen.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (13)
- 24.03.: Interne møte
Opning av innfartsparkering Ågotnes
Besøk Storesund Kystlaget - 25.03.: Møte ved Lomvier Glesvær
Regionalt møte med NAV
Representantmøte i Bergen og Omland Friluftsråd - 26.03.: Utdeling av Miljøfyrtån
Synfaring m/ Statsforvaltaren, plan for Eide
Formannskapsmøte - 27.03.: Besøk Sotra Videregåande skule
Kommunestyremøte - 28.03.: Arbeidsutval Høgre (Teams)
Strategifagdag, innkjøp klima - 29.03.: Opning av frivilligdagane på Straume
Klara Skoge 100 år
Vigslar
Ordføraren neste veke (14)
- 31.03.-01.04.: KS-samling i Oslo (KS: fellesorganisasjon for kommunane)
- 02.04.: Dialog med Brødrrene Ulveseth
- 03.04.: Besøk 7. klasse Foldnes skule del 2
Interne møte
Møte om Øyfolkets jul - 04.04.: AU Møte Høgre—Teams
- 05.04.: Anleggskonferanse Øygarden Kommune
Mottaking Haakonshallen – One Ocean Week
Sotra Mållag 50 år
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (13)
- 24.03.: Interne møte
Besøk til Kystlaget/Storesund
Gruppemøte - 25.03.: Regionalt dialogmøte NAV på Askøy
Møte i representantskapet til BOF (Bergen og Omland Friluftsråd) - 26.03.: Styringsgruppemøte, berekraftig reisemål Øygarden
Formannskapsmøte - 27.03.: Kommunestyremøte
- 28.03.: Representantskapsmøte Syns og audiopedagogisk tjeneste (SAPT)
Fagdag del 1, Strategisk innkjøp og klima/miljøomsyn
Varaordførar Anita Garlid Johannessen neste veke (14)
- 31.03.: Interne møte
- 02.04.: Fylkesmøte KS
- 03.04.: Torsdag: Sotra vidaregåande skule
- 05.04.: Årsmøte Sotra Mållag - Sotra Mållag 50 år