
Frårår å byggja ny skule på vestsida
Kommunedirektøren går inn for at Skålevik skule vert lagt ned og at elevane i Skålevik-krinsen vert fordelte mellom Ågotnes og Ulveset skular. Krinsjusteringa vert gjennomført frå skuleåret 2025/2026.
- Forslaget er ein konsekvens av elevtalsprognosen og dei generelt store investeringsbehova i Øygarden fram mot 2040, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Les meir.
Vil ha framkomelege vegar
Eldrerådet drøfta torsdag trafikktryggleiksplanen for Øygarden kommune 2025-2029. Rådet saknar eit tydelegare fokus på framkomelege vegar for mjuke trafikantar.
- Dette er viktig for å hindra einsemd og utanforskap, heiter det i uttalen frå eldrerådet.
Les meir.
- Utviklinga har flata ut
Formannskapet fekk på møtet torsdag orientering om den økonomiske situasjonen for Øygarden kommune. - Månadsrapporten viser eit negativt avvik på 20,5 millionar kroner, og det kan sjå ut som utviklinga har flata ut samanlikna med tidlegare månadar i år, skriv kommunedirektøren. Formannskapet tok månadsrapporten til etterretning.
Les meir.
1,3 millionar til ekstra utstyr i skulen
306 kommunar får midlar til å kjøpa inn utstyr for å gjera skulen meir praktisk og variert. Øygarden får 1,35 millionar kroner av desse pengane. Kunnskapsminister Kari Nesse Nordtun (Ap) seier at elevane må vera motiverte om dei skal læra meir og betre.
Les meir.
Feira sprek 100-åring
Andre påskedag (21. april) fylte Aslaug Alfrida Høyland 100 år. Det var ein opplagt jubilant som feira dagen med familien på Panorama Hotell & Resort dagen før, 20. april. På sjølve dagen var det visitt, med mellom anna besøk av ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.
- Overgangsalderen handlar om meir enn hetetokter
Kvart år går om lag 30 tusen norske kvinner inn i overgangsalderen.
- Det er behov for meir kunnskap om samanhengen mellom overgangsalder og sjukefråvær, seier professor Silje Mæland som samarbeider med Øygarden kommune i prosjektet «Jobben gjer frisk».
Les meir.
Øygarden er ein viktig kommune i Vestland
- Eg opplever at nye Øygarden kommune er eit fyrtårn og er ein viktig utviklingsaktør i vest.
Det seier fylkesordførar Jon Askeland i siste episode av kommunedirektør Johnny Breiviks podkast Rådhuset. Saman med ordførar Tom Georg Indrevik oppsummerer fylkesordføraren fem år med den nye kommunen og korleis Øygarden kan vera ein viktig utviklingsaktør i åra som kjem.
Les meir.
Vil ha reelt elevdemokrati
- Elevrådet skal styrast og forvaltast etter demokratiske og sjølvstyrte prinsipp. Det uttalar ungdomsrådet etter å ha drøfta lokale forskrifter etter ny opplæringslov. Ungdomsrådet var samla til møte 22. april.
Les meir.
Lars Gunnar Lie er død
Mangeårig KrF-politikar og tidlegare statsråd Lars Gunnar Lie er død, 86 år gamal. Han vaks opp i gamle Fjell og busette seg i Øygarden etter 16 år på Stortinget.
- Som styreleiar i selskapet Sambandet Sotra/Øygarden-Bergen AS hadde han ei viktig rolle i arbeidet med å få planlagt nytt sotrasamband, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Les meir.
Treff+ moteshow: Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinnet
Det var mange som skein på Rong denne onsdagen (23. april). Treff+ hadde sitt årlige moteshow, og det var mange som ville ha med seg siste nytt frå motebransjen. Rundt 90 personar møtte opp på showet.
Les meir.
Nytt journalsystem på Sotra legevakt
Sotra legevakt innfører nytt journalsystem 24. og 25. april. Dette kan føra til redusert kapasitet og ekstra ventetid i dei komande vekene.
Les meir.
Vil du vera valmedarbeidar på valdagen 08.09.25?
Vi treng samfunnsengasjerte, positive og nøyaktige personar i Øygarden kommune til å delta i valgjennomføringa på valdagen for stortingsvalet 2025.
Les meir.
Ordførar tom Georg Indrevik denne veka (17)
- 21.04.: Besøk til 100-åring
- 22.04.: Interne møte
Gravferd Mary Møvik - 23.04.: Deltaking på seniorarrangement på Rong
Gruppeleiarmøte
Møte med FAU Skålevik - 24.04.: KS-møte Teams
Podcastopptak saman med Jon Askeland
Visning NHO, Northern Lights
Formannskapsmøte - 25.05.: AU, Høgre – Teams
Miljøløftet
200 årsmarkering Universitetet i Bergen
Ordføraren neste veke (18)
- 28.04.: Plan- og miljøutvalet
Innovasjon Norge, besøk Northern Light
Intern markering av nytt hotell på Straume - 29.04.: Markering av helikopterulukka ved Turøy
Utdeling av Miljøfyrtårn
Opning nytt hotell på Straume
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (17)
- 22.04.: Interne møte
Reise til Nordfjordeid - 23.04.-24.04: Møte i hovudutval for kultur, idrett og inkludering, Vestland fylke
- 25.04.: Tre vigslar
- 26.04.: Tre vigslar