Her er ny vekerapport

I vekerapporten kan du lesa litt om det som har skjedd i veke 22.

- Vi må løysa dette saman

Den tryggleikspolitiske situasjonen stod i fokus då beredskapsrådet i Øygarden var samla til møte på onsdag. 
- Vår jobb er å få samfunnet til å gå rundt i ein krisesituasjon, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han ønskte rådet velkomen til samling i kultursalen på rådhuset.
Les meir.

Det vart ikkje streik

Meklinga i kommuneoppgjeret enda med semje natt til fredag. Dermed vart det ikkje streik i kommunal sektor.
Les meir. 

Foldnes kyrkje fekk tilgjengeprisen

- Eg vart heilt sett ut då ordføraren kom og overrekte denne prisen. Det seier Ellen Ebbesvik etter at Foldnes sokn fekk tildelt prisen i forkant av Livets lys-gudstenesta fredag kveld. Med prisen følgjer diplom, måleri, blomar og fem tusen kroner.
Les meir.

Fest for ny sansehage

I eit nydeleg vårvér fekk bebuarane og dei tilsette vera med på fest for å markera opninga av ny sansehage på Tednebakkane omsorgssenter på torsdag.
- Eg skal invitera kona til tur i hagen, seier bebuar Ole Vatn.
Les meir. 

Reiste frå Kvinnherad til bestefest i Skogsvåg

Bestefesten på Skogsvåg skule er så populær at folk ringjer for å sjekka datoen før dei tingar ferietur.
- Eg har reist eins ærend frå Kvinnherad for å vera med på dette, seier Kari Medhus Eide. 200 personar var samla i Sundhallen på fredag.
Les meir. 

Danielsen festa for 25 år i Øygarden

Det var ingenting å seia på stemninga då 450 elevar og lærarar framførte Danielsen-dansen og markerte at Danielsen barne- og ungdomsskule er 25 år.
- Skulen dykkar gjev dykk ikkje berre fagkunnskap. Han gjev også perspektiv, verdiar og fellesskap, sa ordførar Tom Georg Indrevik då han talte til elevane.
Les meir. 

Endring i barnevernsvakta

Frå og med 1. juni skal Øygarden kommune samarbeida med Bergen kommune om barnevernvakttilbod. 
Les meir.

- Bruk gjerne tømmestasjonen i Ovågen!

Etter at tømmestasjonen for bubilar på Rong er vorten skadd etter ein påkøyrsel, presenterer kommunen eit godt alternativ for bubilturistane i området. Einingsleiar for vegforvaltning i Øygarden kommune, Lennart Falkenberg-Arell, viser fram eit godt alternativ nokre kilometer lengre nord.
Les meir. 

Eldrerådet: Ja til storkjøken og ja til desentraliserte kjøken

Eldrerådet gav på torsdag tilråding i saka om etablering av storkjøken på Straume og utvikling av kjøkenstrukturen i Øygarden. Rådet tilrår samrøystes at det vert etablert storkjøkken i ny sjukeheim på Straume, men vil halda fast på noverande ordning med desentraliserte kjøken.
Les meir.

Tilsette bør involverast ved etablering av storkjøken

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) støttar forslaget om å etablera storkjøkken i ny sjukeheim på Straume.  Rådet, som var samla til møte på onsdag, ber om at dei tilsette må involverast.
Les meir.

Drøfta namn på ny ungdomsskule

Ungdomsrådet tilrår Bildøyna ungdomsskule som namn på den nye ungdomsskulen. I drøftinga på møtet på tysdag vart også forslag om å kalla skulen opp etter ein kjent person frå det geografiske området vurdert.
Les meir.

Flyktningar i arbeid på kort varsel

Flyktningane som deltek i introduksjonsprogrammet i Øygarden kommune, har eit breitt spekter av kompetanse, erfaring og personlege eigenskapar. Dette er ressursar som kan vera nyttige for arbeidsplassar i heile kommunen.
Les meir.

Sommarope basseng i Hjeltefjorden Arena symjehall

I perioden frå 22. juni til 31. juli 2026 inviterer vi til offentleg bading kvar tysdag og torsdag. Dette er ei flott moglegheit til å nyte sommardagar i vatnet – enten du vil leike, trene eller berre kose deg saman med familie og vener.
Les meir.

Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (22)

  • 26.05.:  Interne møte
                 Møte om aktivitetar på Rong
  • 27.05.:  Beredskapsråd
                 Opning av Festspillene i Bergen
  • 28.05.:  EØS/Efta-forum – Teams 
                 Norges Handelshøgskole vårkonferanse 
  • 29.05.:  25-årsjubileum Danielsen barne- og ungdomsskule 
                 Besøk Skogsvåg skule 
                 Utdeling av Tilgjengeprisen
  • 30.05.:  Tur med Statsråd Lehmkuhl
  • 31.05.:  Straumemila  

Ordføraren neste veke (23)

  • 01.06.-02.06.:  EØS/EFTA-forum – Brussel
  • 03.06.-04.06.:  Høgre i Nord – Konferanse i Solvær
  • 05.06.:  Dialogmøte Avinor 
                 Avslutning for Grethe Bergsvik 
                 Møte med Sotrasambandet
  • 06.06.-07.06.:  Stafett for livet – Ågotnes