Her er ny vekerapprt

I vekerapporten kan du lesa om litt av det som har skjedd i veke 20.

Auka inntekter til Øygarden

Omlegginga av inntektssystemet til kommunane fører til at Øygarden kommune aukar inntektene med 47 millionar kroner neste år. Tysdag presenterte regjeringa kommuneproposisjonen for 2025. Den totale veksten i landet i dei frie inntektene (skatt og rammetilskot) vert på 6,4 milliardar kroner neste år. Fem av desse milliardane går til kommunane.
Les meir.

- Vér med og delta i arbeidet kommuneplanen!

Øygarden kommune har no starta opp arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. I perioden 22. mai til 13. juni vert det arrangert arbeidsverkstad sju stader i kommunen.
- Dette er eit viktig arbeid og grunnlag for utviklinga av kommunen vår, seier ordførar Tom Georg Indrevik. Ordføraren og leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, ønskjer at mange finn vegen til dei første arbeidsverkstadene.
Les meir. 

Rune Golf vert ny skulesjef

Rektor på Tranevågen ungdomsskule, Rune Golf (52), er tilsett som skulesjef i Øygarden kommune. Han tek over stillinga frå neste skuleår i august etter Jon Erik Egeland. Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at det var fleire solide kandidatar til stillinga. Han seier at det har vore ein grundig prosess for å landa tilsetjinga.
Les meir. 

- Eg gler meg til kvar øving

Det var fest på Straume på torsdag då demenskoret feira eittårsjubileum i lokala i Grønamyrvegen.
- Her er så mange koselege folk, seier kormedlem Edith Margrethe Dahl. Før koret kunne feira seg sjølv var det eín time med øving under leiing av dirigent Erika Kroken og hennar gode medhjelparar Elena Kramaridis og Camilla Kolbeinsen.
Les meir. 

- Det vart tungt på slutten

Leo Holm Hellesøy og Melissa Nyborg måtte vedgå at det vart tungt på slutten. Det er slett ikkje rart etter at dei nærast sprang for livet då dei deltok i Krafttak mot kreft på Kolltveit skule på onsdag. No er det samla inn meir enn 60 tusen kroner til prosjektet.
Les meir. 

Torsvik Elektro er blitt Miljøfyrtårn

Den 16. mai kunne ordførar Tom Georg Indrevik overrekkja miljøfyrtårnsertifikat til dagleg leiar i Torsvik Elektro, Peder Torsvik.
- Det er viktig å vera bevisst på miljøet, seier Torsvik. Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga.
Les meir. 

Drøymer om å jobba i barnehage

Tetiana Tarasenko var ein av dei rundt 100 flyktningane som fann vegen til jobbmessa i lokala til Øygarden vaksenopplæring på tysdag.
- Eg må læra meir norsk, seier Tetiana frå Ukraina. Det vart etter kvart travelt for dei åtte bedriftene som møtte opp for å presentera seg for flyktningane. Kompetanse- og bemanningssenteret i Øygarden kommune hadde speed date. Dei fleste flyktningane kom frå Ukraina, men også mange andre nasjonar var representerte på arrangementet.
Les meir. 

- Dette er eit fantastisk tilbod

Nora Olava Leigland var ein av fem deltakarar på treningsgruppa «Bli me» i Sartorlunden på Straume onsdag ettermiddag i regi av Friskliv og meistring i Øygarden kommune.
- Dette tilbodet burde alle kommunar hatt, seier Nora. Det spesielle med «Bli me» er at det er gratis og at ikkje er ikkje nødvendig å melda seg på.
Les meir. 

Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (20)

  • 13.05. :  Interne møte
                 Koordineringsutvalet
                 Møte om motorsportsenter i Samnanger
  • 14.05.:  Jobbmesse
                Digitalt stormøte om kommuneproposisjonen og 
                revidert nasjonalbudsjett
                Medlemsmøte FrP
  • 15.05.:  Beredskapsråd
  • 16.05.:  Opning av reiskapslager i Porsvika
  •  
  • 17.05.:  Leggje ned krans ved Fjell kyrkje


 Varaordføraren denne veka (21)

  • 20.05.:  Gruppemøte Frp
  • 21.05.:  Interne møte
                 Lunsj eldsjel
                Gruppemøte posisjon
  • 22.05.:  Gjennomgang kommunestyremøte
                 Møte med statsforvalteren
  • 23.05.:  Kommunestyre
  • 24.05.:  Fredag: Vest Næringsråd på Vindenes