
Planlegg nytt anlegg for karbonfangst
Plan- og miljøutvalet (PMU) vedtok torsdag oppstart av detaljregulering for Smeheia CO2-anlegg og at planprogram for Smeaheia vert lagt ut til offentleg ettersyn. Saka skal behandlast i plan- og miljøutvalet den 7. mars. Det vart også gjort vedtak om moglegheitsstudie for nyskapande anlegg på Ågotnes og detaljregulering for Nordre Maimyra, Brattholmen.
Les meir.
Nasjonal merksemd om barnevern
Øygarden kommune har fått nasjonal merksemd det siste året om korleis barnevernstenesta har svart på kritikken til det norske barnevernet i den Europeiske menneskerettsdomstolen. Ved hjelp av prosjektmidlar frå Statsforvaltaren har kommunen saman med andre kommunar utvikla verktøy som skal bidra til ny praksis. Dette går fram av tilstandsrapport for barneverntenesta 2023 som levekårsutvalet tok til orientering på møtet onsdag.
Les meir.
Fekk innføring i planvask
Kommuneplanutvalet fekk denne veka innføring i prosessane om planvask. Dette handlar om å rydda i arealplanane, for å få ei enklare byggesaksbehandling, men også å ta vare på naturen.
Les meir.
Vi treng fleire menn som meddommar eller skjønnsmedlem
Vi treng fleire menn meddommarar til tingretten, lagmannsrett og jordskifteretten i tillegg til skjønnsmedlemmer for perioden 1.1.2025 – 31.12.2028. Vi har fått nok kvinner.
Les meir.
Lysregulerer Godviksvingene
Godviksvingene vert opna for ordinær trafikk i retning mot Askøy. Trafikk frå Askøy og Godvik som skal i retning Bergen må køyra riksveg 555 i retning Bergen som følgje av endringa. Endringane trer i kraft i løpet av denne veka (10). Mot Bergen vil det berre vera tillate med busstrafikk. Bussane vert prioritet i lysreguleringa.
Les meir.
- Stor stas å få besøk av ordføraren
Anna Bothilde Børnes venta på ordførar Tom Georg Indrevik på onsdag, og den 101 år gamle spreke dama frå Klokkarvik venta ikkje forgjeves.
- Eg har det svært godt her på Sundheimen, seier jubilanten. Det vart ikkje ordførarbesøk på 100-årsdagen, og difor vart det feira skikkeleg då ho i dag (6. mars) fylte 101 år.
Les meir.
Generasjonsbrua - Gratis mobil- og datahjelp til eldre
Treng du hjelp til f. eks. oppretting av e-post, senda e-post, opprette bankID, slå av lommelykta på mobilen, forstå ulike appar og nettsider, forbetre pc- og mobilferdigheiter og anna teknisk hjelp? Vi er her for deg!
Les meir.
Invitasjon til Kultur- og idrettsgalla
I ei stilfull ramme ønskjer vi å gjera stas på den mangfaldige kulturen i Øygarden. Kultur-, frivillig- og MOT-til-å-glede-prisen skal delast ut på gallaen. Møt opp i kultursalen i Øygarden rådhus fredag 15. mars kl. 17.30.
Les meir.
Ordførar Tom Georg Indrevik denne veka (10)
- 04.03.: Interne møte
Fylkesmøte KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane) - 05.03.: Fylkesmøte KS
- 06.03.: Møte med Trigger
Helsing til delegasjon frå Krosno
Besøk 100-åring
Intervju – Anita Apeltun Sæle
Middag med delegasjon frå Krosno - 07.03.: Vekstkonferansen
Møte med Helse Bergen
Møte med Stiftelsestilsynet om Fjell festning - 08.03.: AU-møte Høgre, Teams
Møte om utbygging av idrettsanlegg
Møte med OPS
Kvinnedagsarrangement - 09.03.: Opning av utstilling – galleri Bildøy
12 rette-finalen
Ordføraren neste veke (11)
- 11.03.: Interne møte
Online møte med Krosno
Møte med Storhilleren velforeining - 12.03.: Møte Vestland fylkeskommune
Møte med innbyggar
Status Skogsskiftet
Formannskapsmæte
KPMG, - 13.03.: Oning av Energimessa
Møte med Glesvær rorbuer
Middag med styret i Kreftforeningen - 14.03.: Møte med Kommunal komite på Stortinget
Hovudstyremøte KS (KS: fellesorganisasjon for
kommunane) - 15.03.: Hovudstyremøte KS
Kultur- og irdrettsgala - 16.0.: Seminar for samarbeidspartia
Varaordførar Anita Garlid Johannessen denne veka (10)
- 04.03.: Interne møte
Strategisamling KS (KS: fellesorganisasjon for kommunane) - 05.03.: Strategisamling, fylkesmøte KS
- 06.03.: Trigger
- 07.03.: Kvinnedagen CCB
Møte med Helse Bergen
Middag med polsk delegasjon - 09.03.: Skyttarfest
Varaordføraren neste veke (11)
- 11..03.: Interne møte
- 12.03.: Status skogsskiftet
Formannnskapsmøte - 13.03.: Kulturutvalget (fylket)
Årsmøte Sotra mållag - 14.04.. Fornybarkonferanse
- 15.03.: Styre og strategisamling Vest Næringsråd
Kultur og idrettsgalla - 16.03.: Fleirtallssamling