Her kan du dela sakn

- Vi vil gjerne gje rom for at det er lov å kjenna på sakn. Det seier kreftsjukepleiar Kristina Eikeland som saman med kollegaer har sett opp eit «Eg saknar-juletre» like innanfor hovudinngangen på Øygarden lokalmedisinske senter på Straume.

Kristina Eikeland inviterer til å dela sakn på "Eg saknar-juletre". - Klikk for stort bileteKristina Eikeland inviterer til å dela sakn på "Eg saknar-juletre".

Ved å setja ord på saknet kan det skapa eit fellesskap og openheit om at ein ikkje er åleine om å sakna noko eller nokon. Saknet forsvinn ikkje, men kanskje vert det lettare å bera når du deler det.

- Førjulstida handlar om glede og forventingar. Samstundes opplever nokre at sorg og sakn aukar i denne tida. Vi håpar at med eit «Eg saknar-juletre» kan du kjenna på at du ikkje er åleine. Her kan du på ein konkret måte dela sakn, seier Eikeland.

Like ved juletreet er det eit bord der det er lagt ut flate julekuler og tusj. Der er alle velkomne til å skriva opp det dei kjenner på av sorg og sakn.

- Det skal vera ei låg terskel for å skriva ned det ein saknar. Det kan vera ein eller fleire personar, eit dyr, ein ting, ei hending eller at det vert sett ord på livet som ikkje vart slik ein hadde tenkt, seier Eikeland.

Bilete av plakat og bord ved juletreet. - Klikk for stort bilete

Det er sjukehuspresten på St Olavs hospital i Trondheim som fanga ideen om «Eg saknar-juletre». Også på Gjøvik er det sett opp eit slikt juletre. 

- På Øygarden lokalmedisinske senter er det opp mot hundre personar som har arbeidet sitt. Mange av innbyggjarane er innom senteret kvar dag. I tillegg kan folk som ikkje har ærend på senteret koma hit og hengja opp julekule med tekst om sakn. Andre vil kanskje teikna på julekula. Vi har allereie fått god respons, seier Kristina Eikeland.

Med 15 tusen kroner i støtte frå Sparebankstiftelsen SR-Bank kunne dagleg leiar Tonje Alvsvåg, kreftkoordinator Inger Fosse og Kristin Eikeland realisera tiltaket. Ein premiss for dei tildelte midlane er at dette skal vera eit tilbod til alle innbyggjarane i kommunen. Juletreet vert ståande ved hovudinngangen til over nyttår.


Tekst og foto: Vigleik Brekke