Hernar var eit sentrum på vestlandskysten

Laurdag 22. juni vert band 4 til Øygarden bygdebok lansert. Denne utgåva handlar om gardar og slekter lengst nord i gamle Øygarden kommune.
- I boka får vi mellom anna vita kor viktig Hernar var på vestlandskysten i fleire hundre år, seier Kjell Alvheim som saman med Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø er forfattar av band 4.

Her står Kjell Alvheim framfor huset der farfar hans, Jonas J. Alvheim, vaks opp. Far til Jonas, Josef Martin Alvheim, var den første kyrkjetenaren i Hjelme kyrkje. Kyrkja vart teken i bruk i 1875. - Klikk for stort bileteHer står Kjell Alvheim framfor huset på Løbakken der farfar hans, Jonas J. Alvheim, vaks opp. Far til Jonas, Josef Martin Alvheim, var den første kyrkjetenaren i Hjelme kyrkje. Kyrkja vart teken i bruk i 1875. Vigleik Brekke

I november 2023 vart band 1 og 3 presentert. Band 1 (Fangstfolk og fiskarbønder) tek for seg historia til heile gamle Øygarden frå dei første menneska slo seg ned her og fram til om lag 1870. Band 3 er gards- og slektshistoria for gardane Skjold, Stura, Hatten, Hovden Nordvik, Nautnes og Nordre Sæle. Band 2, om tida frå 1870 fram til 2020, kjem venteleg i 2025. 

Band 4 vert offisielt lansert av ordførar Tom Georg Indrevik i «Hengjo» under Hellesøydagen laurdag 22. juni klokka 10.00. Bandet omhandlar gards- og slektshistoria for dei seks nordlegaste gardane i kommunen. Dette er Hjelme, Hellesund (inkludert Hellesøyna), Lyngøyna, Hernar (inkludert Sulo), Sanden og Nordøyna. 

Hernar var ein viktig møteplass

Aslak Erlendsson var ein sentral og velståande person på Hernar i mellomalderen og hadde eigedom på Hernar. Han hadde adresse i Bergen (Bjørgvin). Det var også ei kyrkje på Hernar med plass til 10-12 personar. Kanskje var det bispevisitas på Hernar. I seinare tid vart ein humlebusk riven opp der det viste seg at busken hadde vakse seg gjennom ein gullring som truleg var ein bispering. Dette var ein stor ring ettersom ein på den tida hadde ringen utanpå hansken.

Hernar i mellomkrigstida. - Klikk for stort bileteHernar i mellomkrigstida. Olai Schumann Olsen, Universitetsbiblioteket i Bergen

På Hernar var det ein tingplass der steinar var sette ein ring. Ei trosse var festa rundt frå stein til stein.

- Dette var datidas domstol. Vi finn restar frå bygdeting på Hernar. To steinar står igjen, og seinare er dei brukte som feste til hesjer, seier Kjell Alvheim. 

Det er ingen tvil om at Hernar var ein av dei viktigaste stadene på Vestlandet. Skulle folk vest i havet, reiste dei ikkje via Hummelsund lengre sør, men Hjeltefjorden via Hernar.

- Skipa låg på Hernar og venta på bør (godt og lagleg vér). Folk som var på reise, hadde ikkje kompass. Hernar låg på same breiddegraden som Shetland og den søre spissen på Grønland og var ein god plass å starta frå når ein skulle vestover til havs, seier Alvheim.

Vi ser også at det norrøne namnet på Shetland, Hjatland, har laga namn til mykje her lokalt, som til dømes Hjeltefjorden og Hjeltaskjeret.

Boka side 120-121 - Klikk for stort bilete

Handelsplass

På 1600 og 1700-talet budde over halvparten av befolkninga i Øygarden (frå Misje og nordover) på Hernar. Det var handelsplassar både på Solsvika, Blomvåg, Heggholmen, Hernar og til ein viss grad Nordre Sæle og Hellesund, men Hernar var den sentrale handelsplassen på den tida. 

- Folk kom til Hernar for å handla av eigaren av kremmarsetet og rorbuene. Eigaren levde på mange leiglendingar i området, seier Alvheim.

Hernar i 1960-åra.  - Klikk for stort bileteHernar i 1960-åra. : Per Fett. Universitetsmuseet i Bergen.

Hernar var også sentral under englandsfarten under den andre verdskrigen. For mange på Vestlandet var Nordsjøen den beste fluktvegen mellom det okkuperte Noreg og dei allierte. Over tre tusen personar klarte å flykta på denne måten. Før tre amerikanske ubåtjagarar tok over hausten 1943, vart det nytta skøyter. 137 menneske omkom under englandsfarten dei tre første åra under krigen.

Interesse for historie

Kjell Alvheim har alltid vore interessert i lokalhistorie. I samband med lærarutdanninga, tok han eit ekstraår i Volda med historie og samfunnsfag og hadde kontakt med bygdebokforfattar Jon Tvinnereim. 

- Også i gards- og slektsbanda har vi lagt inn historier. Blant anna kan vi lesa om to tilfelle der folk frå Øygarden var mannskap i handelsflåten under krigen og vart angripne av tyske ubåtar. På ein av båtane overlevde Walter Sæterdal, medan Anton Misje omkom. Sæterdal var onkel min. I eit anna tilfelle stod Bjarne Rong og Anton Rong saman på brua dagen før eit angrep. Bjarne overlevde, medan Anton omkom. Elles var hermetikkfabrikken på Hellesøy ein viktig arbeidsplass for mange. Arbeidarar frå naboøyane budde på internatet «Tippehuset», seier Kjell Alvheim.

Dette huset på Hellesøyna var heimen til morfar til Kjell Alvheim,  Kristian Kvinge og mormor Ingebjørg - Klikk for stort bileteDette huset på Hellesøyna var heimen til morfar til Kjell Alvheim, Kristian Kvinge og mormor Ingebjørg Vigleik Brekke

Øygarden sogelag sel den nye boka under arrangementet, og har også med seg nokre få eksemplar av dei to bøkene som kom ut i fjor (band 1 og 3). Bøkene kan elles kjøpast på innbyggartorga og biblioteka på Rong, Skogsvåg og Straume og hjå lokale bokhandlarar.

I 2012 løyvde kommunestyret i gamle Øygarden 12 millionar kroner til bygdebokprosjektet. Bygdeboka for gamle Øygarden kommune vil, når heile prosjektet er fullført, vera på ni band.


Tekst: Vigleik Brekke