Hissøyna – ei kulturoppleving av dei sjeldne

Hissøyna har dei siste åra vore gjennom ei omfattande og naudsynt renovering. Arbeidet er gjennomført av Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) med støtte frå Øygarden kommune. I regi av BOF er det i vår organisert åtte turar for seniorane med omvising, betasuppe og filmframsyning av Hans Kristian Bukholm.                     

Hissøyna er vakker og gjev ro og fred for sjela. - Klikk for stort bileteHissøyna er vakker og gjev ro og fred for sjela.

Turen starta med båt frå Syltøy kai og tar kring 10 minutt til Friluftsrådet sin kai i Kylderen. Her blei vi møtt av oppsynsmann Steinar Lønøy. Han står bak det meste av arbeidet som er gjort på øya, og vi har mykje å takka Steinar for. Saman med dagleg leiar i BOF, Dag Seter, fekk vi ein særs lærerik omvising på øya. Vi fekk mellom anna høyra om korleis øya gradvis vart avfolka. 

Aktive i motstandsrørsla

Før krigen budde det på det meste 52 personar på Hissøyna. Mange av mennene på øya var organiserte i motstandsrørsla, mellom anna i Stein-organisasjonen, som var ei særs sentral motstandsrørsle på Vestlandet under den andre verdskrigen. Dei gjorde ein heltemodig innsats som vi ikkje ville vore forutan, men det gjorde også at Hissøyna mangla viktige hender til å halda fram både med fiske og vedlikehald på øya. På midten av 80-talet var øya så og sei avfolka, med einskilde personar att. 

Bjarnehuset har fått sitt namn etter siste bebuar. Huset har stått urørt sidan, og det er som å gå rett inn i 70-talet. På utsida av Bjarnehuset er det ein flott hage med terrasse og utepeis, men best av alt var det å sjå han no etter kvart den sjeldne purpurlyngen i full blom. Purpurlyngen er ein viktig del av kysttlyngheia i Øygarden, og vi skal vera glade kvar gong vi får sjå han i full bløming. Ikkje nok med det, villsauene til Steinar Lønøy hadde fått eit sort lite lam sidan sist. Lammet var godt opplært, og skjønte raskt at Steinar er ein raus mann.

Kvile - Klikk for stort bileteKvile

Overnattingshytte

Neste stopp var hytta Kvile som BOF har kjøpt frå filmregissør Hans Kristian Bukholm. Her er det no pussa opp, og det er mogeleg å tinga overnatting også her (maks fem-seks personar). Det er kjøleskap og komfyr på gass. Bukholm sjølv møtte oss i naustet nedanfor Hovdahuset og viste oss to flotte oselvarar (færingar). Dette var særs lærerikt. Bukholm har ein enorm kunnskap på området, og er ein som kan formidla på ein forståeleg og lærerik måte gjennom bøker og film, men også munnleg. 

Han viste oss også den tredje oselvaren og korleis han kan sjå kor båten er i frå og kor gamal han er. Han fortalte om korleis dei la laksen på is i kassar. Det var til og med eit eige ishus til dette, som berre grunnmuren står att av, men som Bukholm viste oss på film etter omvisinga. Måten det vart fiska og konservert på er ikkje mykje annleis enn i dag. Vi fekk sjå fantastiske filmar om sildefangst, også filmen «Kval i våg» som er helt  unik om kvalfangst i mellom anna Skogsvåg. 

Diktlesing ved Atle Nordvik - Klikk for stort bileteDiktlesing ved Atle Nordvik

Vi fekk heimelaga betasuppe av beste sort og varme tøflar på før lunsjen. Nokre av deltakarane framførte både dikt og stev som underhaldning til maten. Vi avslutta med filmframsyning i stova, kor Bukholm viste nokre av sitt unike foto- og film materiale frå Øygarden. Alle vart heilt sett ut av kor interessant og lærerik denne dagen hadde vore. Vi fekk noko av den friskaste lufta i landet og jaggu fekk vi ikkje sol også. Kan det bli betre?

Her er fleire bilete:

Torvutstyr - Klikk for stort bilete
Torvkniv - Klikk for stort bilete
Stev framført av Anne Lise Grøm og Egil Sæle - Klikk for stort bilete
Omn i kvilestova - Klikk for stort bilete
Kvile - Klikk for stort bilete
Oselvar - Klikk for stort bilete
Naust på Hissøyna - Klikk for stort bilete
Naust - Hovdahuset - Klikk for stort bilete
Hissøyna naust - Hovdahuset - Klikk for stort bilete
Kaien på Hissøyna - Klikk for stort bilete
Bilete teke frå kaien - Klikk for stort bilete
Hans K. Bukholm formidlar - Klikk for stort bilete
Naustet er godt utstyrt - Klikk for stort bilete
Godt brukt og bevart utstyr. - Klikk for stort bilete
Bjarnehuset - Klikk for stort bilete
Bjarnehuset - Klikk for stort bilete
Betasuppe - Klikk for stort bilete



Tekst og bilete: Unni Sørensen