Det var ved inngangen til den nye Kolltveittunnelen mot vest at det første spadetaket eller den første salva vart markert. Nygård viste til at det ferdige sambandet vil gje 9,4 kilometer med firefeltsveg der 4,6 kilometer går gjennom tunnel. Det er 14,6 kilometer med gang- og sykkelveg. Det skal vera trygt å vera mjuk trafikant og ein skal bidra til at folk vel buss framfor bilen.
- Sambandet skal gje tryggare og sikrare vegar, betre framkomst for å styrkja konkurranseevna til næringslivet, betra samfunnstryggleiken og knyta bergensregionen tettare saman, oppsummerte statsråden.
Utbyggingssjef Kjell Inge Davik sa at dette er det sjette OPS-prosjektet i Noreg (OPS: Offentleg Privat Samarbeid) og at slike prosjekt bidreg til at det dryp mange oppdrag på lokale leverandørar.
- Eg håpar på sol den dagen anlegget skal opnast, sa Davik i det sure véret. Anlegget skal vera klar til bruk 1. juni 2027.
Men litt regn og vind stoppar ikkje oss her vest. Frå Kolltveit skule stilte 73 elevar frå 6. og 7. trinn og framførte Kolltveitskulesongen skriven av Olav Kobbeltveit. Dirigent var Linda Thomassen Fjell.
Frå anleggsområdet ved inngangen til den nye Kolltveit-tunnelen.
- Ikkje flaue over å ta imot pengar til prosjektet
Det var samling i kultursalen i Fjell rådhus for dei vel 70 gjestene. Ordførar Tom Georg Indrevik var tydeleg på at dette var ein historisk dag.
- Vi vil alltid sjå tilbake på denne dagen som historisk. Då eg såg arbeidet starta opp, tenkte er på alle som har bidrege til å få realisert dette i ein periode på 25 år. Dette vil bringa Bergen nærare Øygarden, men også oss nærare Bergen. Øygarden bidreg med store inntekter til staten gjennom via anlegga på Kollsnes og Stura, og vi er ikkje flaue over å ta imot dei statlege pengane til prosjektet, sa ordføraren.
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland viste til den store trafikken over Sotrabrua på meir enn 30 tusen årsdøgntrafikk.
- Dette er eit moderne trafikkanlegg der ein skil ut gang- og sykkeltrafikken. Dette vil gje god trafikkavvikling og vekst for regionen, sa vegdirektøren og minna om at tryggleiken for arbeidarane er det viktigaste i anleggsperioden.
På samlinga i kultursalen framførte Finn White Fantasie i d-moll av Mozart.
Her er pressemelding frå Statens vegvesen. Her kan du lesa meir om prosjektet.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kjell Andersland, Marianne Sandahl Bjorøy og Vigleik Brekke